Tajuña (frå latin Tagonius) er ei elv sentralt i Spania, som renn gjennom provinsane Guadalajara og Madrid. Ho er ei av sideelvane til Jarama som igjen er ei av sideelvane til Tajo. Ho spring ut nær byen Maranchón (Guadalajara) ved ein stad kalla Fuente del Carro nær landsbyen Clares. Nær kjelda renn ho gjennom eit landskap som består av høge lyngheier, gjennom djupe dalar som består av leire, mergel og dolomitt. Det ligg eit reservoar i elva, La Tajera, nær Cifuentes. Ho renn gjennom landsbyane Brihuega og Renera i Guadalajara og renn inn i provinsen Madrid ved Ambite. Ho renn så nær Orusco, Carabaña, Tielmes, Perales de Tajuña og Morata de Tajuña før ho munnar ut i Jarama nær Titulcia.

Tajuña
elv
Tajerareservoaret
Land  Spania
Nedslagsfelt 2 608 km²
Lengd 225 km
Middelvassføring 1,87 /s
Kjelde Fuente del Carro
 - høgd 1 244 moh.
Munning Jarama
 - høgd 509 moh.
Kart
Tajuña
41°01′34″N 2°10′06″W / 41.02605°N 2.16823°W / 41.02605; -2.16823
Wikimedia Commons: Tajuña River

Klima endre

Nedslagsfeltet har middelhavsklima og vert tørrare nær Jarama. Det meste av nedbøren i området kjem om hausten og vinteren.

Kjelder endre