Takanobu Okabe

Japansk skihopper, trener

Takanobu Okabe (fødd 26. oktober 1970) er ein japansk skihoppar frå ShimokawaHokkaido. Han vart verdmeister i normalbakken i 1995 og vart olympisk meister med Japans firemannslag i laghopping under vinter-OL 1998.

Takanobu Okabe


Statsborgarskap Japan
Fødd 26. oktober 1970 (53 år)
Shimokawa
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Aktiv endre

Okabe debuterte i verdscupen i Sapporo 16. desember 1989, men fekk ikkje verdscuppoeng før i 1993. Han deltok i 1993 i VM i Falun, der han vart best i storbakken med ein tolvteplass. På tampen av 1993-sesongen kunne han for fyrste gong klive opp på verdscup-pallen då han vart nummer to i storbakken på Lillehammer, berre Espen Bredesen var betre.

I OL-året 1994 var Okabe tilbake på Lillehammer, der han var han med på det japanske laget som tok sølv i laghoppinga. Under VM 1995 i Thunder Bay vart Okabe verdsmeister i normalbakken, med nesten ti poengs margin til landsmannen Hiroya Saitō som tok sølv. Seinare i verdsmeisterskapen fekk både Okabe og Saitō kvar sin bronsemedalje i lagtevlinga.

Okabe vann i 1997 ein ny sølvmedalje i laghopping med det japanske laget under VM i Trondheim. Omframt Okabe bestod laget av Hiroya Saitō, Masahiko Harada og Kazuyoshi Funaki. Året etter, under OL 1998 i Nagano tok dei same fire hopparane OL-gull for Japan i lagtevlinga. Okabe vart nummer seks i storbakkerennet under olympiaden.

Okabe gjekk til topps i fem individuelle renn i verdscupen. Den fyrste verdscupsigeren oppnådde han 7. desember 1996 i finske Kuusamo. Dei fleste sigrane kom i skiflygingsrenn; i 1997 vann han i Vikersund og Planica, og året deretter i Bad Mitterndorf (Kulm). Samanlagt i verdscupen vart han som best nummer fire i sesongen 1996/97. 10. mars 2009 vart Okabe historisk då han som 38-åring vann eit verdenscuprenn i Kuopio i Finland. Han vart då den eldste vinnaren av eit verdscuprenn. Sigeren kom elleve år etter hans førre verdscupsiger.

Verdscupsigrar endre

Dato Stad Land
7. desember 1996 Lahti Finland
8. februar 1997 Bad Mitterndorf Austerrike
22. mars 1997 Planica Slovenia
1. mars 1998 Vikersund Noreg
10. mars 2009 Kuopio Finland

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre