Talg

kjemisk sambinding

Talg er laga av feitt frå storfe og sau (ister).

Talg laga av kalveister.

I motsetnad til ister kan talg oppbevarast lenge utan å vere nedkjølt. Det føreset at talga er oppbevart i ein lufttett behaldar for å hindre oksidering. Ved oksidering / harskning blir det mellom anna danna smørsyre med ei kraftig gulfarge og beisk smak.

Talg bli nytta til å framstille såpe, i matlaging, som fuglemat og vart tidlegare nytta til å lage talglys. Talg kan nyttast som eit av råmateriala i produksjon av biodiesel.