Talisman Energy er eit kanadisk olje- og gasselskap med føremål å drive oppstraums petroleumsverksemd globalt. Selskapet vart skipa i 1992 etter ein fisjon av selskapet BP då «BP Canada» vart gjort om til det sjølvstendige selskapet Talisman Energy. Talisman har hovudkontor i Calgary, Alberta. I 2007 har dei verksemd i meir enn ti land i fire verdsdelar.

Historie endre

I byrjinga selde Talisman gruveverksemd som gjekk med tap for å fokusere på større naturgassfelt i Britisk Columbia. Dei starta òg tidleg ein internasjonal ekspensjon mellom anna ved å gå inn i marknader som andre selskap heldt seg borte frå. I 1992 etablerte dei dotterselskapet Fortuna Petroleum Inc., eit av dei første nordamerikanske selskapa som gjorde forretningsverksemd på Cuba etter revolusjonen der.

Den vidare internasjonale ekspensjonen kom etter ei rekkje kjøp. I 1993 dobla dei storleiken og vart eit av dei største oljeselskap i Canada ved kjøp av selskapet Encor. Året etter fekk Talisman eigedelar i ressursar i Nordsjøen og i Søraust-Asia etter kjøpet av Bow Valley Energy frå British Gas PLC. Tidleg i 1995 forlèt dei Cuba for å fokusere meir på dei nye områda i Nordsjøen og Indonesia og i 1997 kjøpte dei det mindre selskapet Pembina Resources.

I Sudan endre

I 1998 kom ein av dei meir kontroversielle overtakingar då dei kjøpte selskapet Arakis Energy, ein av dei største deltakarane i oljeindustrien i Sudan. Dette skjedde då den andre sudanske borgarkrigen var under utvikling og regjeringa i Sudan var totalt bunden av oljeinntekter til krigsinnsats. Regjeringa vart gjentatte gongar skulda for krigsbrotsverk, brot på menneskerettar og folkemord, og internasjonale observatørar skulda regjeringa for å tvangsflytte folkesetnaden for å gje plass til leiting og utvinning av olje.

Ein høglydd protest frå ikkje-statlege organisasjonar og frå kyrkjesamfunn tvinga dei kanadiske styresmakta til å straffe Talisman for verksemda i Sudan. Den presbyterianske kyrkja i Sudan stemna Talisman for ein domstol i USA med skulding for folkemord, der dei påstod at Talisman hadde hjelpt sudanske styresmakter til å bombe kyrkjer, drepe kyrkjeleiarar og å åtake landsbyar for å gje fri veg for oljeutvinning. I ei avgjersle utan sidestykke i USA-amerikansk kom ein dommar fram til at saka var gyldig. I september 2006 vart saka avvist av ein høgare domstol med grunngjeving av at saksøkjaren ikkje førte prov for skuldinga mot Talisman. I mellomtida hadde store investorar seld seg ut frå Talisman slik at aksjekursen fall. I 2003 selde Talisman interessene sine i Sudan til det indiske selskapet ONGC Videsh og Talisman trekte seg ut frå Sudan.

Landaktivitetar i Sør-Amerika endre

I nordvestlege Loreto-regionen i Peru har Talisman eigedelar av leiteblokk 64 i våtlandsområde i Marañonbassenget som achuarfolket gjer krav på. Dei har og operatørskap i blokk 101 like ved. I 2007 går det føre seg seismiske undersøkingar i Marañonbassenget. I Colombia har Talisman interesser i Acevedo-blokka i Øvre Magdalena-dalen, i El Caucho-blokka, og i tre blokker i Llanos, Niscota, Tangara og Mundo Nuevo blokkene. Også i Colombia gjer Talisman seismiske undersøkingar i 2007.

Verksemd i Noreg endre

I Noreg er Talisman representert med dotterselskapet Talisman Energy Noreg AS, registrert i mai 2003. Også i Noreg har veksten komme gjennom kjøp av konkurrentar. Dei kjøpte først 61 % av Gyda-feltet frå BP og har operatørskapen på feltet. I 2005 kjøpte Talisman det britiske oljeselskapet Paladin Resources Plc for meir enn 13 milliardar kroner og fekk gjennom det utvida tilgangen på ressursar både i britisk og norsk del av Nordsjøen. I mai 2007 er Talisman medeigar i åtte felt på den norske kontinentalsokkelen, mellom anna Yme-feltet som dei ønskjer å opne for produksjon etter at det var stengt ned i 2001.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Talisman Energy på engelsk Wikipedia slik han var 1. mai 2007. Artikkelen på engelsk viser til kjeldene:

Kjelde til stoffet om verksemd i Sør-Amerika er Talisman sin nettstad. Avsnittet om Noreg har kjeldene: