Tambon er lokale administrative område i Thailand. Dei er underdistrikt av amphoe, og dermed det tredje nivået under staten i forvaltningshierarkiet. Tambon er igjen delte inn i landsbyar, eller muban.

Tambon kan minna om kommunar i utstrekning og storleik, men Thailand sine kommunar og byar vert kalla thesaban og har i mindre grad ei administrativ rolla.

Tambona har lang historie som forvaltningsområde. Frå gamalt av var det meininga at eit tambon skulle innehalda tusen arbeidsføre menn. Det er såleis ei inndeling etter folketal, og ikkje etter areal. Det vil seia at større byar er delte inn i fleire tambon, medan meir rurale strøk vil ha tambon som er større i utstrekning.

Kjelder endre