Tame i Stor-Manchester

Tame er ei elv i Stor-Manchester i England. Ho byrjar på vestsida av Penninane nordaust for Manchester og renn sørover til Stockport, der ho renn saman med Goyt og dannar elva Mersey. Elva drenerer eit nedbørfelt på 146 km².[1] Delar av elva markerer den historiske grensa mellom Cheshire og Lancashire.

Tame
elv
Tame, nær Reddish Vale
Land  England
Grevskap Stor-Manchester
Nedslagsfelt 146 km²
Kjelde Denshaw, Stor-Manchester
Kart
Tame i Stor-Manchester
53°24′51″N 2°09′25″W / 53.4142°N 2.15689°W / 53.4142; -2.15689
Wikimedia Commons: River Tame, Greater Manchester

Elveløpet endre

 
Greenfield-reservoaret
 
Jernbane-viadukt over Tame

Tame byrjar som ei minstevassføring frå Readycon Dean-reservoaret 2 km nordaust for landsbyen Denshaw på vestsida av Penninane, like ved grensa mellom Stor-Manchester og West Yorkshire. Vasskiljet går noko lengre nord på lyngheiene, på West Yorkshire-sida av grensa, like ved Pennine Way. Det høgaste punktet i nedbørfeltet er Black Chew Head (542 moh), som òg er det høgaste punktet i Stor-Manchester.

Frå kjelda renn elva hovudsakleg sørover gjennom Delph, Uppermill, Mossley, Stalybridge, Ashton-under-Lyne, Dukinfield, Haughton Green, Denton og Hyde. I byen Stockport flyt Tame til slutt saman med elva Goyt og dannar elva Mersey, som fortset mot vest til ho munnar ut i Irskesjøen ved Liverpool.

På 1800-talet medførte konsentrasjonen av industri i dei nemnde byane at Tame vart ein særs forureina vassveg. Tiltak mot forureining dei 30 siste åra av 1900-talet har resultert store betringa i vasskvaliteten. Rundt to tredjedelar av vassføringa ved samløpet ved Goyt har passert gjennom eit kloakkreinseanlegg.

Kjelder endre

  1. Boyce, D (mars 2004). «The Tame, Goyt and Etherow catchement abstraction management strategy» (pdf). Environment Agency, Warrington. s. s.6. Henta 7. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff endre