Tami Petri Antero Kiuru (fødd 13. september 1976) er ein finsk tidlegare skihoppar frå Vanda. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging 2004. Kiuru vart verdsmeister med Finlands lag i ski-VM 2003, og vann i åra 2004–2006 heile fire sølvmedaljar i ulike tevlingar i verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Tami Kiuru


Statsborgarskap Finland
Fødd 13. september 1976 (47 år)
Vanda
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp

Karriere endre

Frå 1999 deltok Kiuru fram til og med 2002 kvar sesong i ein del renn i verdscupen i skihopping, men oppnådde få gode resultat. I 2003 fekk han plass i den finske troppen til VM i Val di Fiemme. I meisterskapen vart det gullmedalje i laghopp for dei fire skihopparane som representerte Finland; Janne Ahonen, Kiuru, Arttu Lappi og Matti Hautamäki. Tre veker etter Kiuru vart verdsmeister kom han i Lahti for fyrste gong på pallen i eit verdscuprenn, eit renn der Adam Malysz frå Polen gjekk til topps.

Kiuru vann sin einaste verdscupsiger då han i desember 2003 hoppa 136 meter i Titisee-Neustadt, det klart lengste hoppet i ei tevling som vart avvikla over berre ein omgang. Seinare i 2004-sesongen kom han på tredjeplass i VM i skiflyging i Planica, like bak landsmannen Janne Ahonen, norske Roar Ljøkelsøy vart verdsmeister. Dagen etter den individuelle tevlinga vart det sølvmedaljar for det finske firemannslaget, berre slått av Noregs fire utvalde.

Under Ski-VM 2005 i Oberstdorf var Kiuru med på det finske laget som tok sølv i laghopp i storbakken, knapt 15 poeng bakom verdsmeisterlaget frå Austerrike. I olympiaåret 2006 fekk Kiuru med seg to sølvmedaljar i laghopping, fyrst vart det VM-sølv på Finland bakom Noreg i skiflygingsmeisterskapen i Bad Mitterndorf i januar, og i februar vart det ein OL-sølv bakom Austerrike i hoppbakken under vinter-OL 2006 i Torino.

Etter 2006 klarte ikkje Kiuru å hevde seg i verdscuprenn og han la bort hoppskia i 2009.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre