Tangane

gard nord på Fedje. Tangane er delt i dei tre bruka Nord-Tangen

Tangane er ein gard nord på Fedje. Tangane er delt i dei tre bruka Nord-Tangen, Midt-Tangen og Nedst-Tangen, som strekkjer seg frå Kyrkjevågen til Rognsvågen. Aust for Tangane ligg Berge og i vest ligg Opphaugen og Børen. Dei tre bruka ligg på ei rekkje slik som namna seier med Nedst-Tangane som det sørlegaste. Namnet tyder ei landtunge som strekkjer seg ut i sjøen.

Tangane
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Tangen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1563

Nord-Tangen endre

Nord-Tangen (uttale nortånjenn) er som namnet seier det nordlegaste av dei tre bruka. Tidlegare var namnet Tangen Nordre. Skattelistene i 1637 var første gongen det vart gjort skilnad mellom Tangane. Den gongen vart namnet skrive Yttertange. Seinare har ein skrive namnet som Nor Tonge, Nord Tongen, Nordre Tangen og Nore Tangen.

Midt-Tangen endre

Midt-Tangen (uttale mitånjenn) ligg mellom dei to andre bruka i Tangane. Det har truleg vorte frådelt Nordre Tangen. Namnet Midt-Tangen kom første gongen i bruk i 1723, for å skilje det frå det nordlege bruket. Tidlegare vart det kalla Tangen midtre.

Nedst-Tangen endre

Nedst-Tangen (uttale nestånjenn) er det sørlegaste av dei tre. Det tidlegare namnet var Tangen Indre, som var i bruk første gong i 1645. Stundom vart òg namnet Søre Tangen nytta.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.