Tanx
Studioalbum av T. Rex
Språk engelsk
Utgjeve 16. mars 1973
Innspelt august og oktober 1972
Studio Château d'Hérouville i Frankrike
Sjanger Glamrock, soul
Lengd 35:03
Selskap EMI (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
The Slider
(1972)
Tanx Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow
(1974)


Tanx er eit studioalbum frå 1973 av det engelske rockebandet T. Rex, det åttande sidan debutplata deira som Tyrannosaurus Rex i 1968 og det fjerde under namnet T. Rex. Det kom ut 16. mars på EMI. Tanx skilde seg musikalsk frå dei førre albuma. Det var framleis spor her som minna om The Slider, men songaren og låtskrivar Marc Bolan synte òg interessa si for soul, funk og gospel. Det var kvinnelege korsongarar på eit par av songane. Det vart òg nytta nye instrument som mellotron, slik at T. Rex kunne utvikle stilen sin.

Då det kom ut selde Tanx godt og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart,[1] tredjeplassen på den tyske albumlista og femteplassen i Noreg.[2] Det vart ikkje gjeven ut nokre singlar for å marknadsføre albumet.

Historie og musikk endre

Innspelinga byrja i Frankrike i august 1972, og heldt fram i oktober 1973 etter ein turné i USA. I USA hadde bandet spelt på scenen med kvinnelege korsongarar på eit par av konsertane. Bolan spelte inn piano basert på songen «Left Hand Luke and the Beggar Boys» med kvinnelege gospelsongarar,[3] Madeline Bell, Lesley Duncan, Vicky Brown, Barry St John og Sue and Sunny. Dei song i lag med Bolan på dei sjelfulle refrenga, men vart ikkje førte opp på plateomslaget. Bob Stanley frå The Times skildra «Left Hand Luke and the Beggar Boys» som ein «New Orleans bar piano»-song med «interstellar soul».[4] «The Street and Babe Shadow» med saksofon som eit av hovudinstrumenta, synte den meir funky sida til Bolan. «Life is Strange» og «Broken Hearted Blues» var balladar nærare til den tidlegare T. Rex-stilen, medan «Shock Rock» var eit boogie-spor.[5]

Bolan ønskte å gå bort frå tradisjonell T. Rex. Han brukte tid i studio på å overdubbe alle instrumenta og legge til effektar. Opningsnummeret «Tenement Lady» tillet bandet å bruke ein mellotron og Bolan brukte phasing-effekt på vokalen sin.[5]

Utgjeving endre

Tanx kom ut 28. januar 1973 på selskapet EMI i Storbritannia og Reprise i USA. Tanx nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og vart ein hit over heile Europa, med ein tredjeplass i Tyskland,[2] femteplass i Noreg,[2] 15. plass i Sverige,[6] og 20. plass i Finland,[7] men klarte ikkje å matche suksessen til The Slider i USA, der det berre nådde 102. plassen på Billboard 200. Den populære singelen «20th Century Boy», som var spelt inn i Japan,[5] var ikkje med på albumet, som kan ha påverka salet, sidan albumet (i motsetnad til tidlegare album) ikkje hadde nokre singlar.

Tanx vart ommastra for CD av Edsel Records i 1994 og kom ut med ei rekkje bonusspor. Ei tilhøyrande utgjeving, kalla Left Hand Luke (The Alternative Tanx), kom ut i 1995 med alternative versjonar, uferdige studiomikar og demoar av albumspora. Dei to albuma kom ut i lag i 2002. I 2003 vart fleire innspelingar frå Tanx-innspelinga gjevne ut på Thunderwing Productions Limited (TPL) som The Tanx Recordings.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
Creempositiv[9]
Pitchfork8.3/10[10]
PopMatters7/10[11]
Rolling Stonenegativ[12]
The Quietuspositiv[13]

Tanx fekk god kritikk i både NME og Record Mirror.[5]Creem skreiv at «song for song er dette kanskje det sterkaste albumet til Marc Bolan. Det er i alle fall det mest varierte og det mest musikalske».[9] Men det vart latterleggjort av Rolling Stone. Paul Gambaccini skreiv «Dette albumet kunne ha blitt ein god EP. Eg kan ikkje så mange som verkeleg er nøgd med dette. Men eg har teke feil før.» Han likte likevel songane «Mister Mister,» «Electric Slim and the Factory Hen» og «Broken Hearted Blues.»[12]

Seinare meldingar har vore mindre positive. Whitney Strub i PopMatters skreiv «Ei årsak til at Tanx selde dårleg var at det ikkje hadde det umiddelbare som glam var kjend for. Songanr glir stort sett usamanhengande frå den eine oppbrotne minisoga til den neste».[11] Stephen M. Deusner i Pitchfork likte godt albumet, men kalla det «eit vanskeleg album».[10] The Quietus skreiv «Det er ei overdriven plate i beste mogelege forstand», og meinte «Tenement Lady» var ein fantastisk opningslåt. Neil Kulkarni skreiv at «Electric Slim & The Factory Hen» var eit nikk til svart soulmusikk, ein stil Bolan alltid hadde ønskt utforske. Kulkarni skreiv at dette var to år før David Bowie «prøvde å gjere det same på Young Americans».[13]

Ettermæle endre

AllMusic skreiv at albumet signaliserte soulfasen til David Bowie: «Det var beundringsverdig at Bolan prøvde å utvide T. Rex-stilen -- soulaktige korsongarar og blåsarar gjennom heile plata, to år før David Bowie gjorde det same for bestseljaren Young Americans».[8]

Tanx inspirerte Suede på albumet Coming Up som produsenten Ed Butler sa: «Malen var Tanx av T.Rex – eg tenkte faktisk The Slider var eit betre val, men Brett (Anderson) såg det alltid annleis. Eg såg alltid på The Slider som det ultimate T.Rex-albumet, men han hadde rett, Tanx er faktisk ei betre plate, fordi det er meir interessant. I utgangspunktet var det me gjorde at kvart spor starta med akustisk gitar, bongotrommer, tamburin og Brett, så alt starta omtrent på same måten som Marc Bolan spelte inn alle greine sine opphavleg. Han byrja med ein akustisk gitar-song og så bygde han det opp med gitar og trommer og elektronikk. Så grunnlaget for songane på Coming Up er ein groove som består av conga, tamburin og akustisk gitar.»[14] I 2003 spelte Martin Gore frå Depeche Mode inn to songar frå Tanx som ekstraspor på singelen hans «Stardust»: «Left Hand Luke and the Beggar Boys»,[15] og «Life is Strange».[16]

Songen «Life is Strange» vart nytta i fleire scenar i filmen Dallas Buyers Club i 2013, der ein av hovudfigurane, Rayon, spelt av Jared Leto,[17] er ein Marc Bolan-fan som bur omgjeven av bilete av idolet sitt.[18]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Marc Bolan.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Tenement Lady»2:55
2.«Rapids»2:48
3.«Mister Mister»3:29
4.«Broken Hearted Blues»2:02
5.«Shock Rock»1:43
6.«Country Honey»1:47
7.«Electric Slim and the Factory Hen»3:03
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Mad Donna»2:16
2.«Born to Boogie»2:04
3.«Life Is Strange»2:30
4.«The Street and Babe Shadow»2:18
5.«Highway Knees»2:34
6.«Left Hand Luke and the Beggar Boys»5:18
Bonusspor på CD-utgåva frå 1994
Nr.TittelLengd
14.«Children of the Revolution»2:30
15.«Jitterbug Love»2:59
16.«Sunken Rags»2:54
17.«Solid Gold Easy Action»2:20
18.«Xmas Riff»0:11
19.«20th Century Boy»3:41
20.«Free Angel»2:12
Left Hand Luke (The Alternative Tanx)
Nr.TittelLengd
1.«Tenement Lady / Darling»2:49
2.«Rapids»1:59
3.«Mister Mister»2:49
4.«Broken Hearted Blues»2:08
5.«Country Honey»1:50
6.«Mad Donna»2:19
7.«Born to Boogie»2:09
8.«Life Is Strange»1:47
9.«The Street and Babe Shadow»2:20
10.«Highway Knees»2:32
11.«Left Hand Luke»5:17
12.«Children of the Revolution»1:04
13.«Solid Gold Easy Action»2:13
14.«Free Angel»2:14
15.«Mister Mister (Acoustic and Bass Demo)»3:32
16.«Broken Hearted Blues (Acoustic and Bass Demo)»2:08
17.«The Street and the Babe Shadow»2:14
18.«Tenement Lady (Acoustic and Bass Demo)»1:35
19.«Tenement Lady (Acoustic Demo)»1:53
20.«Broken Hearted Blues (Acoustic Demo)»1:50
21.«Mad Donna (Different Lyrics / Acoustic Demo)»1:45
22.«The Street and the Babe Shadow (Acoustic Demo)»2:36
23.«Left Hand Luke (Acoustic Demo)»1:58
The Tanx Recordings
Nr.TittelLengd
1.«Tenement Lady»3:18
2.«Darling»1:46
3.«Rapids»4:39
4.«Mister Mister»3:31
5.«Broken Hearted Blues»2:16
6.«Shock Rock»2:36
7.«Country Honey»2:06
8.«Electric Slim & the Factory Hen»3:16
9.«Mad Donna»4:10
10.«Born to Boogie»2:10
11.«Life Is Strange»2:39
12.«The Street & Babe Shadow»2:17
13.«Highway Knees»2:35
14.«Left Hand Luke»5:26
15.«Children of the Revolution»3:32
16.«Jitterbug Love»3:59
17.«Solid Gold Easy Action»3:31
18.«20th Century Boy»3:57
19.«Free Angel»2:21

Medverkande endre

Teknisk

Salslister endre

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[19] 21
UK Albums Chart 4
USA (Billboard 200) 102

Kjelder endre

  1. «T. Rex UK Albums chart». officialcharts.com. Henta 2. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «T. Rex - Tanx Charts for Germany and Sweden». Swedishcharts.com. Henta 16. juli 2021. 
  3. Swanson, Dave (16. mars 2016). «When T. Rex Unveiled Their Last Hurrah, 'Tanx'». Ultimateclassicrock.com. Henta 25. november 2019. 
  4. Stanley, Bob (3. april 2014). «The Big Reissue: Bob Stanley on T Rex's Tanx and Zinc Alloy». The Times. Henta 25. november 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Paytress, Mark. «Tanx booklet - liner notes». Edsel Records. 2002
  6. «Swedish Charts 1973-1975» (PDF). hitsallertijden.nl. Henta 16. juli 2021. 
  7. Pennanen, Tim. «TOP 1000»[daud lenkje]. Avain. 2020. Mal:Isbn
  8. 8,0 8,1 Prato, Greg. «Tanx – T. Rex». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  9. 9,0 9,1 Robins, Wayne (July 1973). «Tanx – T. Rex». Creem. Rocks Back Pages. Henta 16. juli 2021. 
  10. 10,0 10,1 Deusner, Stephen M. (5. februar 2006). «T. Rex: Tanx / Zip Gun / Futuristic Dragon / Work in Progress - Album Reviews». Pitchfork. Henta 15. juli 2021. 
  11. 11,0 11,1 Strub, Whitney (22. januar 2006). «T. Rex: Tanx / Bolan's Zip Gun / Futuristic Dragon / Work in Progress». PopMatters. Henta 15. juli 2021. 
  12. 12,0 12,1 Gambaccini, Paul (24. mai 1973). «Tanx review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. februar 2018. Henta 15. juli 2021. 
  13. 13,0 13,1 Kulkarni, Neil (3. mars 2014). «Pop, Fragility and Dissolution [Tanx -review]». The Quietus. Henta 21. oktober 2015. 
  14. Bateman, Steve (December 2010), «Ed Buller On Producing Suede», 140dB management 
  15. Martin Gore «Left Hand Duke and the Beggar Boys». Youtube. It was issued in 2003 as a video on his cd-dvd single «Stardust»
  16. Martin Gore spelte inn ein versjon of «Life is Strange» as the extra b-side of the cd-single «Stardust» (2003)
  17. Roberts, Sheila (4. november 2013). «Director Jean-Marc Vallée Talks Dallas Buyers Club». Collider.com. Henta 16. juli 2021. 
  18. Powers, Ann (1. mars 2014). «Listening In Reel Life: The Pop Music Inside The Oscar Nominees». NPR.org. Henta 16. juli 2021. 
  19. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff endre