Tartarsundet (kinesisk 韃靼海峽; japansk 間宮海峡, Mamijasundet; russisk Татарский пролив, Tatarskij proliv) er eit sund i Stillehavet mellom den russiske øya Sakhalin og det asiatiske fastlandet, og går mellom Okhotskhavet i nord og Japanhavet i sør. Det er 900 km langt, 4-20 meter djupt og på det smalaste 7,3 km breitt.

Tartarsundet går mellom Okhotskhavet og Japanhavet.

På russiske kart vert det smalaste punktet i Tartarsundet stundom kalla Nevelskojsundet (Пролив Невельского, Proliv Nevelskogo), til minne om kaptein Gennady Nevelskoj som oppdaga at sundet er knytt til estuaret til elva Amur og at det faktisk var eit sund og ikkje ei bukt.

Namnet Tartar kjem frå tartarane, eit gammalt namn på forskjellige folkeslag i indre område av Asia og Nord-Asia. I dette tilfellet refererer det til forskjellige folk i Mandsjuria, som før vart kalla Aust-Tartari.

I Japan er sundet kalla opp etter Mamiya Rinzo, som reiste til sundet i 1808[1].

Tartarsundet er òg eit dikt av Walter de la Mare, der han skriv om Tartary som eit land i Asua, nord for Kina.

I dag går det ei jernbaneferje over sundet mellom Vanino på fastlandet og Kholmsk på Sakhalin.

Kjelder endre

  1. Gammalt kart, arkivert frå originalen 21. november 2008, henta 3. november 2008