Tasman på New Zealand

Tasman er både ein region og eit distriktNew Zealand. Han grensar til West Coast, Marlborough og Nelson. Området vert administrert både som region og distrikt, ei sameint styresmakt, og administrasjonssenteret ligg i byen Richmond, med lokale styre i dei fjerntliggjande samfunna i Motueka og Golden Bay.

Tasman
Horisonten til Tasman på New Zealand
Horisonten til Tasman på New Zealand
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Tasman Region
Tasman District Council
Grunnlagd 1989
Geografi
Flatevidd 9 771 km²
Flatevidd
 - By

9771 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2009)

46 800
Koordinatar 41°30′S 172°48′E / 41.500°S 172.800°E / -41.500; 172.800
Tidssone UTC+12:00 (UTC+12)
Byar: Richmond, Motueka, Collingwood, Takaka, Brightwater, Murchison, Mapua
Diverse anna
Heimeside: http://www.tasman.govt.nz/
Plassering
Plassering av Tasman på New Zealand
Plassering av Tasman på New Zealand

Geografi endre

Tasman District er eit stort område nord på vestsida av Sørøya. Det dekkjer 9 786 km², og er avgrensa mot vest av Matiri Ranges, Tasman Mountains og Tasmanhavet. I nord dannar buktene Tasman og Golden Bay grensene mot havet. Den austlege avgrensinga strekkjer seg mot byen Nelson, og omfattar delar av fjellrekkjene Spencer Mountains, Saint Arnaud og Richmond Range. Victoria Ranges dannar den sørlege avgrensinga til distriktet, og her ligg òg det høgaste punktet i Tasman, fjellet Mount Owen, 1 875 moh. Landskapet er variert, frå store fjellområde til dalar og sletter, gjennomskore av store elver som Buller River, Motueka, Aorere, Takaka og Wairoa River. Der er ein frodig vegetasjon og rikt fugleliv, gylne strender som den eineståande 40 km lange sandstranda ved Farewell Spit, og grenselaus tilgang til fiske i sjø og elver. Desse sidene ved distriktet gjer det tiltrekkjande for turistar og verdfullt for dei som bur der.

Tasman har tre nasjonalparkar - Abel Tasman National Park (den minste på New Zealand, 225,41 km²), Nelson Lakes National Park (1 017,53 km²) og Kahurangi National Park (4 520 km²).

 
Buller River sør i regionen

Namn endre

Tasman Bay, den største havbukta på nordkysten til Sørøya, fekk namn etter Abel Tasman, den første kjende europeiske oppdagaren av New Zealand. Bukta gav namnet vidare til det tilstøytande distriktet som vart danna i 1989, for stordelen gjennom samanslåing av dei tidlegare counties Waimea og Golden Bay.

Styresett og busetnadar endre

Hovudsetet til Tasman District Council (sameint styresmakt) er Richmond, nær byen Nelson City. Lokalstyre administrerer dei avsidesliggjande områda i Motueka og Golden Bay. Andre byar er Motueka, Brightwater, Collingwood, Murchison, Riwaka, Saint Arnaud, Takaka, Tapawera, Wakefield, Mapua og Kaiteriteri.

Historie endre

 
Den mislukka landsetjinga til Abel Tasman i Golden Bay i 1642.
 
Flyfoto av Mapua.

Māoriforteljingar seier at wakaen (kanoen) Uruao frakta forfedrane til Waitahafolket til Tasman på på 1100-talet. Arkeologiske funn tyder på at dei første māoriinnvandrarane granska området nøye, og busette seg for det meste langs kysten der det var rikeleg med føde.

Den etterfølgjande innvandringa av stammar til området tyder på at ein betydeleg ufred forstyrra levekåra deira. Kring 1828 starta iwien Ngati Toa under Te Rauparaha og dei allierte nordlege stammane Ngati Rarua og Ngati Tama invasjonen av Sørøya. Dei la under seg mykje av området mellom Farewell Spit og Wairau River.

Dei første immigrantskipa frå England kom i 1842 og den europeiske busetjinga i regionen byrja under leiing av kaptein Arthur Wakefield.

I 1850-åra gjekk ein i gang med jordbruk og beitedrift, og det vart grunnlagt busetnadar på Waimea Plains og Motueka. Det vart gjort gullfunn nær Collingwood i 1856, og dette starta det første gullrushet på New Zealand. Store førekomstar av jarn vart påviste ved Onekaka, og her var eit jarnverk i drift i 1920- og 1930-åra.

Frukdyrking kom ein i gang med mot slutten av 1800-talet, og i 1945 utgjorde dette eit viktig bidrag til den lokale økonomien, noko denne næringsvegen enno gjer.

Innbyggjarar endre

 
Kartet viser folketettleiken i regionane Tasman og Nelson ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Det estimerte folketalet 30. juni 2009 var 46 800.[1] Dette utgjer 1,1 % av folketalet på New Zealand.

Dei fleste av dei urbane innbyggjarane i Tasman bur i Richmond-området (10 851). Det har den snøggaste vekstraten i distriktet, særleg i North Richmond der folketalet har vakse med 23% sidan 1996.

Området med den nest høgaste voksteren er Waimea/Moutere. Mapua har notert seg før den største voksteren, 27,4% mellom 1996 og 2001.

Sjølv om Tasman har ein sterk vokster, viser statistikken at regionen har ein låg folketettleik. I mars 2001 var det ein estimert folkete på 4,3 menneske pr. kvadratkilometer. Dette kjem mest av at distriktet har få større urbane senter, og fordi 58 % av området ligg i nasjonalparkar.

Tasman har den høgaste andelen av menneske med europeisk avstamming i landet, 96,8%.

Talet på maoriar, europearar, folk frå Stillehavsøyene og asiatar har auka markert sidan 1991, maoriane med 60,5 %. Dei viktigaste iwiane som er representerte i Tasmanregionen er Ngati Rarua, Ngati Tama (i Golden Bay og Tasman Bay), Te Atiawa, Ngati Koata, Ngati Kuia (aust i Tasman Bay) og Poutini Ngai Tahu (i dei sørlege områda).

Mellom dei kjende tidlegare innbyggjarane er kjernefysikaren Ernest Rutherford, dei tidlegare statsministerane Bill Rowling og Keith Holyoake, og sir Michael Myers, høgsterettsjustitiarius på New Zealand frå 1929 til 1946.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre