Tatjana Pavlovna Firova (fødd 10. oktober 1982) er ein russisk friidrettsutøvar frå Sarov, som under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann to gullmedaljar, på høvesvis 400 meter og 4 x 400 meter stafett. I 2013 tok ho VM-gull på 4 x 400 m stafett på russisk heimebane, ein medalje som vart annullert fleire år seinare.

Tatjana Firova


Tatjana Firova, til venstre, under innandørs VM 2010 i Doha

Fødenamn Татьяна Павловна Фирова
Statsborgarskap Russland
Fødd 10. oktober 1982 (41 år)
Sarov
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Aktiv endre

Firova sprang for Russlands lag i kvalfiseringsløpet på 4x400 m stafett både under OL 2004, VM i friidrett 2005 og EM i friidrett 2006, men alle tre gongane utan å få delta i noko finaleløp.

Under Sommar-OL 2008 i Beijing vart ho nummer seks på 400 m med tida 50,11 sekundar, og ho fekk sølvmedalje på 4x400 meter saman med Julija Gusjtsjina, Ljudmila Litvinova og Anastasija Kapatsjinskaja. Året etter fekk ho bronse på den lange stafetten under friidretts-VM i Berlin.

Firova vart europameister på 400 meter under friidretts-EM 2010 i Barcelona. Med tida 49,89 sette ho personleg rekord og slo landskvinna Ksenija Ustalova med tre hundredels sekund i kampen om EM-tittelen. Saman med Anastasija Kapatsjinskaja og Antonina Krivosjapka vann dei to kvinnene sidan i meisterskapen ein suveren siger på 4 x 400 m stafett.

Den 5. juli 2012 forbetra Firova sitt personbeste på 400 m til 49,72 under eit stemne i Tsjeboksary. Ved dei olympiske sommarleikane 2012 i London var ho berre med på å kvalifisere Russland til finalen, der laget sprang inn til sølv, men utan Firova på laget. Derimot fekk ho springe andreetappen for Russlands sigerrike lag på 4 x 400 m stafett på heimebane i Moskva under VM i friidrett 2013. Med den gode tida 3.20,19 vann ho gull i lag med Julia Gusjtsjina,, Ksenija Ryzjova og Antonina Krivosjapka, vel to tidels sekund føre Storbritannia.

Kjelder endre