Taupō, eller Taupo, er ein by ved breidda til innsjøen Lake Taupo sentralt på NordøyaNew Zealand. Han er setet til Taupo District Council og ligg i den sørlege delen av regionen Waikato.

Taupo
Taupō-nui-a-Tia (maori)
by
Land  New Zealand
Region Waikato
Distrikt Taupo District
Areal 42,95 km²
Folketal 22 000  (2008[1])
Grunnlagd 1869
Kart
Taupo
38°41′S 176°05′E / 38.69°S 176.08°E / -38.69; 176.08
Wikimedia Commons: Taupō

Taupo har eit innbyggjartal på 22 000.[1] I 1953 fekk Taupo offisiell bystatus (borough),[2] men har sidan 1989 vorte administrert av Taupo District Council, og distriktet omfattar både sjølve byen Taupo og tilliggjande landområde.

Namnet «Taupo» kjem frå maori Taupō-nui-a-Tia. Bokstaveleg omsett tyder det 'Den store kappa til Tia', der Tia er namnet til han som oppdaga innsjøen.

Geografi endre

Taupo ligg ved utløpet til Tauposjøen, den største innsjøen på New Zealand, i det nordaustlege hjørnet til sjøen der han tømmer seg i Waikatoelva. Elva dannar eit av dei flottaste fossefalla på New Zealand, Huka Falls, eit kort stykke nord for byen. Byen er eit senter for vulkansk og geotermisk aktivitet, og varme kjelder som høver til bading finst fleire stader i nærleiken. Vulkanfjellet Mount Tauhara ligg seks km mot aust.

Taupo ligg ved riksvegen State Highway 1 som her ligg i same trasé som State Highway 5. Byen ligg 53 km nord for Turangi. Han er eit av dei få sentera på New Zealand som aldri har vore knytt til jarnvegsnettet.

Vêrlag endre

  Klimatabell: Taupo  
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C
74°F
23,3 °C
74 °F
20,9 °C
70°F
17,6°C
64 °F
14,1 °C
57 °F
11,8 °C
53 °F
11,2 °C
52 °F
12,1 °C
54 °F
14,1 °C
57 °F
16,5 °C
62 °F
19,0 °C
66 °F
21,3 °C
70 °F
16,9°C
62°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,5°C
53°F
11,6 °C
53 °F
10,2 °C
50 °F
7,4 °C
45 °F
4,9 °C
41 °F
3,4 °C
38°F
2,2 °C
36 °F
3,0 °C
37 °F
4,7 °C
40 °F
6,6 °C
44 °F
8,4 °C
47 °F
10,1 °C
570 °F
7,1°C
45°F
Gjennomsnittleg total nedbør 85 mm
3,35 "
77 mm
3,03 "
83 mm
3,27 "
74 mm
2,91 "
87 mm
3,43 "
99 mm
3,90 "
105 mm
4,13 "
109 mm
4,29 "
90 mm
3,54 "
102 mm
4,02 "
85 mm
3,35 "
108 mm
4,25 "
1102 mm
43,39 "
Kjelde: Niwa Science climate data
 
Ei av hovudgatene i sentrum av Taupo, med parkområdet Taupo Domain til venstre.
 
Luftfoto av byen sett frå aust, med Tauposjøen og Waikatølva.
 
Fossestryka Huka Falls.

Økonomi endre

Taupo er eit turistsenter, særleg om sommaren, der ein finn panoramautsikt over sjøen, og mot dei vulkanske fjella i nasjonalparken Tongariro National Park i sør. Her finst ei rekkje aktivitetar for tilreisande, mellom anna fallskjermhopp, paragliding, vassport og mountain biking.

Taupo yter tenester til ei rekkje skogbruksverksemder i området, mellom desse Kaingaroaskogen, den største menneskeskapte skogen på den sørlege halvkula, med tilhøyrande trelastindustri. Eit stort sagbruk ligg om lag 3 km nordaust for byen.

Den termiske kraftstasjonen Wairakei geothermal power station ligg nokre få km nord for byen.

Transport endre

Taupo ligg ved riksvegane State Highway 1 og og State Highwau 5 og turistvegen Thermal Explorer Highway. Alle desse tre vegane går saman i ei elleve kilometers strekning frå Wairakei i til den sørlege delen av Taupo.

Flyplassen Taupo Airport ligg sør for byen. Frå flyplassen har Air New Zealand og Eagle Airways direkte flyruter til Auckland og Wellington

Venskapsbyar endre

Panorama endre

Panoramautsyn over Taupo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre