Tautra i Trøndelag

Tautra (tidl. Tuterø og Tutterøen) er ei øy i Trondheimsfjorden i Frosta kommune i Trøndelag. Øya er kjent for ruinane av eit cisterciensarkloster.

Tautra
Ruinen av det gamle klosteret, inngangen frå vest. Foto: A F Borchert
Ruinen av det gamle klosteret, inngangen frå vest.
Foto: A F Borchert
Geografi
Stad Trondheimsfjorden
Koordinatar 63°34′32″N 10°36′48″E / 63.57556°N 10.61333°E / 63.57556; 10.61333

Høgaste punkt 26 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Delar av Tautra og Svaet har sidan 14. desember 1984 vore verna som naturreservat og fuglefredningsområde. Tautra og Svaet har ramsarstatus og utgjer eit felles ramsarområde, med eit totalt areal på 20,54 km².

Øya er 3,5 km lang, og breidda verierer frå 200 meter på det smalaste, til om lag ein kilometer på det breiaste. Det høgaste punktet er 26 moh. Øya vart i 1979 knytt til fastlandet via en molo, men pga. denne moloens innverknad på dyrelivet, vart ho i 2003 bygd om slik at ei bru midt på moloen slepp vatn gjennom. Brua har ein post som skal hindre rovdyr i å kome over til øya.

Geologisk består Tautra av morenemateriale frå ra-trinnet, eller Tautra-trinnet som det vanlegvis vart kalla i Trøndelag.

Ikkje langt frå dei gamle ruinane ligg i dag eit nytt cisterciensarkloster. Det vart grunnlagt i provisoriske bygningar i 1999. Den 25. mars 2006 fekk klosteret status som sjølvstendig priorat. Det nye Klosteret er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS. Grunnsteinen vart lagt ned av dronning Sonja 8. mai 2003 og teke i bruk 11. juli 2006. Dronninga var til stades ved vigslinga den 12. mai 2007. Bygget har fått fleire arkitekturpriser, mellom anna Forum AID-prisen (2007) og ein europeisk pris for steinarkitektur (2007).

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.