Tavle (norrønt tafla, frå latin tabula) er ei rektangulær flate som kan brukast til å skriva, teikna eller oppbevara ting på.[1]

Assyrisk leirtavle med eit brev.

Tavler har vore brukt gjennom historia til å hogga eller rissa inn eller skriva ned tekst på. Leirtavler er særleg kjende for kileskrift frå Midtausten, og er kjelde til mykje kunnskap om språk og kultur frå oldtida.[2][3][4] Annan tekst kunne hoggast inn på steintavler. Ifølgje Bibelen var Dei ti bodorda opphavleg skrivne ned på steintavler.[5]

Dei gamle grekarane og romarane brukte gjerne tretavler til å skriva brev på. Skriftflata var dekka med voks. Ein skreiv ved å rissa i vokslaget med ein spiss griffel av metall.[6] Seinare tok ein i bruk skifertavler som ein skreiv på med griffel eller krit.

Undervising endre

 
Grøn veggtavle i eit tysk klasserom. Hovudtavla har sidetavler ein kan slå ut. På veggen til venstre er det montert ei whiteboardtavle, det vil seia ei kvit tusjtavle.

Ein har brukt tavler mykje i undervising, med ei tavle fremst i klasserommet for læraren til å skriva og laga figurar på og mindre tavler for kvar elev til å kopiera eller øva seg på. Tradisjonelt har lærartavla vore svart eller grøn og ein har skrive på henne med kvitt krit. I nyare tid har ein også teke i bruk kvite tavler, whiteboard, som ein kan projisera bilde og skriva med tusj på, eller ei smarttavle eller interaktiv tavle som verker med ein datamaskin.

Andre tavler endre

Ei tavle kan vera ei plate ein har måla bilete eller skrive varig tekst på. Altartavle er til dømes ei slik tavle ein kan ha bake eit altar i ei kyrkje. Hustavle kan vera ei tavle med reglar for ein huslyd.

Tavler kan også brukast til å henga ting på, som bilde og meldingar på ei oppslagstavle eller ein flanellograf.

Tavler for ulike instrument og brytarar kan vera apparattavle, brytartavle, instrumenttavler eller kontrolltavler.[7]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «tavle» i Nynorskordboka.
  2. Groth, Bente (21. februar 2019). «epigrafikk – midtøsten». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Barstad, Hans M.; Groth, Bente (12. april 2018). «Gilgamesh». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. Mæhlum, Lars (18. september 2015). «linear B». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. Groth, Bente (29. juni 2017). «De ti bud – jødedom». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. «brev – historie». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  7. «%tavle» i Nynorskordboka.