Tavoliere delle Puglie

Tavoliere delle Puglie er ei slette nord i Apulia sør i Italia som dekkjer nesten halvparten av den historiske regionen Capitanata. Ho dekkjer eit areal på 3 000 km² og utgjorde ein gong ein havbotn. Ho grensar til foten av Appenninane i vest, Gargano og Adriahavet i aust og til elvane Fortore og Ofanto i sør. Ho er den største sletta i Italia etter Posletta.

Tavoliere sett frå Gargano.

Namnet «Tavoliere» kjem frå det latinske uttrykket Tabulae censuariae, flater som romarane klassifiserte som område gode for saueoppdrett eller jordbruk.

Om vinteren vert sletta stundom råka av flaum frå elvane Ofanto og Fortore, medan tørke ofte oppstår på sommaren.

Dei største byane i området, frå nord til sør, er San Severo, Lucera, Foggia og Cerignola.

Kommunar endre

Kommunane på Tavoliere delle Puglie er:

Ascoli Satriano, Apricena Biccari; Bovino, Candela, Carapelle, Casalvecchio di Puglia, Castelluccio dei Sauri, Castelnuovo della Daunia, Cerignola, Chieuti, Deliceto, Foggia, Lucera, Margherita di Savoia, Ordona, Orta Nova, Poggio Imperiale, San Ferdinando di Puglia, San Paolo di Civitate, San Severo, Serracapriola, Stornara, Stornarella, Torremaggiore, Trinitapoli, Troia, Volturino, Zapponeta.

Kjelder endre