Te Kuiti er ein liten by sør i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Han ligg i krysset mellom riksvegane State Highway 3 og 30, og ved jarnvegslinja North Island Main Trunk Railway, 70 km sør for Hamilton. Byen ligg i distriktet Waitomo og er sete for distriktsstyret, Waitomo District Council.

Te Kuiti
by
Te Kuiti sett frå sørvest, der State Highway 3 fører ut av byen.
Land  New Zealand
Region Waikato
Distrikt Waitomo District Council
Folketal 4 419  (2006[1])
Kart
Te Kuiti
38°20′06″S 175°09′54″E / 38.335°S 175.165°E / -38.335; 175.165

Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 4 419, ein oppgang på 45 frå 2001[1]. Byen marknadsfører seg sjølv som «Verdas saueklipparhovudstad», og er tilskipar av den årlege newzealandske meisterskapen i saueklipping.[2]

Geografi endre

Te Kuiti ligg om lag 80 km sør for Hamilton og 19 km søraust for Waitomo. Landområdet kring Te Kuiti, til vanleg kjent som King Country, har gjeve namnet til det lokale rugbylaget i Te Kuiti.

Historie endre

Te Kuiti er maorinamnet på området. I si opphavlege form, «Te Kuititanga», tyder det bokstaveleg tala dalen, inneklemminga eller innsnevringa[3].

Turisme endre

«Saueklipparhovudstaden» har verdas største saueklipparstatue, sju meter høg. Den nasjonale meisterskapen i saueklipping finn stad kvart år seint i mars eller tidleg i april[2].

 
Statue som markerer saueklippeverksemda i Te Kuiti.

Det rikt utskorne Te Tokanganui-A-Noho-møtehuset (marae) vart gjeve til den lokale maori-iwien Ngati Maniapoto av Te Kooti, ein kjend maorileiar, som vart gjeven ly her i 1864 under New Zealand-krigane.[2]

Den japanske hagen, Tatsuno, er også eit velkjent turistmål i byen. [4]

Geologi endre

Avsetjingar frå kalkstein har danna grottesystemet Waitomo Caves, nordvest for byen. Grottene er eit av dei mest vitja turistmåla på New Zealand.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Frå folketeljinga 2006.[daud lenkje] Statistics New Zealand
  2. 2,0 2,1 2,2 L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). Rough Guide to New Zealand. New York - London - Delhi: Rough Guides. s. 280. ISBN 1-84353-679-X. 
  3. [1] Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  4. [2] vitja 12. mars 2009

Bakgrunnsstoff endre

38°20.1′S 175°9.9′E / 38.3350°S 175.1650°E / -38.3350; 175.1650