Tefrokronologi er ein metode for å avgjere alder i geologien ved hjelp av vulkanske oskelag eller tefra i torv og andre avleiringar. Fordelen med metoden er at oskelaga legg seg over store område nesten samstundes, og gjev eit nyttig referansepunkt for å stadfeste andre dateringsmetodar.

I Noreg finst vulkansk oske som har blese over havet etter store utbrot på Island. Det som truleg er det største vulkanutbrotet på Island i nyare tid har sett spor etter seg som eit lyst lag, vanlegvis 1-5 cm tjukt. Det finst i borekjernar frå innsjøar på Sunnmøre. Dette laget vert kalla Veddelaget og er omkring 10 300 til 12 000 år gammalt. Det er eit nyttig lag ved studiar av sediment frå slutten av den siste istida.

Kjelder endre

«tefrokronologi/geologi» i Store norske leksikon, snl.no.