Teikneseriefigurane Sandman

Sandman er ein samlande nemning på sju ulike teikneserieheltar som har vore nytta av serieforlaget DC Comics i USA frå 1930-åra og frametter. Den mest kjende inkarnasjonen av Sandman er karakteren Draum (The Sandman), skapt av Neil Gaiman. Gaiman bygde fleire av dei tidlegare Sandman-karakterane inn i sitt episke univers. Alle Sandman-karakterane har namnet sitt etter draumegjevaren i engelsk og amerikansk folketru, som er kjend for å drysse sand i auga på den som skal sova.

Ulike Sandmenn endre

Den første Sandman-karakteren i rekkja vart skapt på 1930-talet. Sandman var her eit alter ego for Wesley Dodds, som nytta gassmaske og svevnpulver for å få has på forbrytarar.

Seinare vart det skapt ein ny Sandman, alter ego for Garrett Sandford, som skulle verja born mot ulike slag mareritt. Denne Sandman-karakteren hadde ein fargerik superhelt-framtoning, med kappe og maske. Denne vart så avløyst av Hector Hall. Seriane om desse vart laga tidleg på 1980-talet.

Neil Gaiman skapte sin Sandman, Draum av dei evige, i 1988. Den første serien om The Sandman vart utgjeven i 1989, og tok opp i seg sogene om dei som var laga før. Denne Sandman er og kjend som Draum eller Morpheus, og er langt mektigare enn nokon av dei førre. Gaiman forklåra dei andre sandmennene med at Draum sjølv vart fanga i eit glasbur av ein trollmann i 1916, og at dei andre skulle fylle rolla hans medan han var borte. Han slapp ut hausten 1988.

Soga om Draum endar med at Gaiman let Morpheus døy, og han vart erstatta med Daniel Hall, som vart eit nytt aspekt av Draum.

Det har og vore laga ei avleggjarserie med ein karakter som er kalla Sandy Hawkins.