Telefonkiosk er ei lita bu som inneheld ein offentleg telefon. Ein tok til å setja opp slike kioskar i 1910-åra, slik at vanlege folk kunne ta ein telefon når dei ville. Kiosken har éin funksjon; å vera ein plass ein person kan halda ein telefonsamtale. Kioskane er små, med nok plass til ein person og ein telefon. Dei har veggar, slik at den som ringer kan føra ein samtale uforstyrra. Samstundes er veggane av glas, slik at andre lett kan sjå om kiosken er oppteken eller ikkje. I tillegg til ein kunne kioskane innehalda ein telefonkatalog og eventuelt annonsar slått opp på veggane.

Dei opphavlege engelske telefonkioskane
Foto: Aaron Logan
Denne telefonkiosken står på Vålerenga i Oslo. I 2004 blei eit par vigd i han.
Foto: Kjetil Lenes

Telefonkioskar utgjer ein særeigen type arkitektur som høyrde til eit visst tidsrom. Ved byrjinga av 1900-talet var det mange som ikkje åtte eigen telefon, og telefonkiosken blei ein ny måte for dei å kommunisera på. Fleire privattelefonar og seinare mobiltelefonar har ført til at talet på kioskane har minka kraftig. Dei store telefonkioskane er ofte erstatta med mindre typar som heng på veggen, men det finst langt færre av dei nå enn før.

Dei gamle kioskane som er igjen er difor i mange tilfelle blitt verna. I Noreg blei 100 av dei 420 gjenverande kioskane verna i 2007.[1]

Utforming endre

Mange kioskar var måla raude slik at ein lett kunne få auge på dei. Dette gjeld den klassiske engelske telefonkiosken, først formgjeven av Giles Gilbert Scott i 1924, og den tilsvarande norske, som kom nokre år etter.

Norske kioskar endre

 
Moderne norsk telefonkrok som heng på veggen.
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Dei raude kioskane i Noreg blei teikna av arkitekt Georg Fasting i 1932 og er eit fint døme på funksjonalisme i arkitekturen. Modellen fekk namnet «RIKS». Den fyrste raude telefonkiosken blei sett opp på kaia til Den norske Amerikalinje i 1933. Det blei produsert meir enn 9000 før produksjonen slutta i 1972.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre