For bandet Tennis, sjå bandet Tennis

Tennis er eit ballspel der ein slår ballen med ein strenga racket fram og tilbake over eit nett som står på tvers av ein rektangulær bane. Ein speler tennis både innan- og utandørs og blir spelt single for begge kjønn (ein mot ein), double for begge kjønn (to mot to) eller mixed double (ein mann og ei kvinne per lag). Ballen skal returnerast direkte (volley) eller etter éin sprett. Dei ulike underlaga tennis blir spelt på er grus, gras, «hard court» (kunstdekke) og teppe (innandørs). I dag er det ein av dei mest utbreidde idrettane i verda med somme av dei best betalte utøvarane.

Den kjende tennisspelaren Andy Roddick servar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre