Terek (russisk Терек; georgisk თერგი, Tergi; avarisk Терек) er ei stor elv nord i Kaukasus, som renn gjennom Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord-Ossetia og byen Vladikavkaz. Ho snur så austover og renn gjennom Tsjetsjenia og Dagestan før ho deler seg i to greiner, som begge munnar ut i Kaspihavet. Nedanfor byen Kizljar dannar dei eit sumpaktig elvedelta som er om lag 100 km breitt.

Terek
elv
Terek nord i Georgia
Land  Georgia,  Russland
Nedslagsfelt 43 200 km²
Lengd 620 km
Kjelde Kazbek
 - høgd 4 160 moh.
Munning Kaspihavet
 - høgd –28 moh.
Kart
Terek
42°37′17″N 44°14′51″E / 42.6215°N 44.2474°E / 42.6215; 44.2474
Wikimedia Commons: Terek River

Elva er ein naturressurs i området, og vert nytta til kunstig vatning og produksjon av vasskraft i dei øvre delane.

Dei største byane langs Terek er Vladikavkaz, Mozdok og Kizljar.

Nedslagsfeltet til Terek.

Kjelder endre