Terese

kvinnenamn

Terese og Therese er kvinnenamn av uklart opphav. Bruken av namna var først kjend på den iberiske halvøya, men det er vanleg å rekna med at dei har gresk opphav. Terese har namnedag den 26. april både i Noreg og Sverige.

Namnetrekket til Thérèse Lemoine-Lagron.
Namnetrekket til Eleonora av Pfalz-Neuburg eller Eleonore Magdalene Therese, tysk keisarinne, frå 1719.

Opphav endre

Dei tidlegaste kjende formene av namnet er Therasia, namnet på kona til heilage Paulinus av Nola på 300-talet, og Theresia. Den vanlege spanske skrivemåten blei etterkvart Teresa, og namnet blei utbreidd gjennom helgenen Teresa av Ávila, som levde på 1500-talet.

Namnet blei til Thérèse (to stavingar, siste e-en er stum) på fransk, som også kan skrivast Theres, og Therese/Terese i tysk og skandinavisk namneskikk. Tea, Thera, Tere, Terri, Tess, Tessa, Trees og Tracy er nokre kortformer av namna.

Moglege greske opphavsord er thera, 'jakt', theros (θερος), 'sommar' og therizo (θεριζω), 'å hausta'. Det kan også stamma frå Thera, eit eldre namn for Santoríni.

Namneberarar endre

Kjelder endre