Terje Bakken

norsk songar og musikar

Terje Bakken (3. september 197814. januar 2004) var ein norsk musikant og målmann frå Sogndal, mest kjend frå bandet Windir, eit svartmetallband som starta fyrst som eit enkeltmannprosjekt. Terje Bakken, som gjekk under artistnamnet «Valfar», song på sognedialekten, «sognamål». Bakken er blant anna kjend for å blanda inn folkemusikk inn i black metal. Frå og med det tredje albumet, 1184, byrja han å syngja på engelsk for å nå ut til eit større publikum.

Terje Bakken
Fødd3. september 1978
FødestadSogndal kommune
Død14. januar 2004 (25 år)
DødsstadSogndal kommune
AliasValfar
OpphavNoreg
Aktiv1994–2004
Sjanger
Instrumentvokal, elektrisk gitar, trekkspel, bassgitar, tangentfjøl, synthesizer og klaviatur
PlateselskapVoices of Wonder, Head Not Found
Verka som

Biografi endre

Terje Bakken byrja frå ung alder å spela trekkspel,[1] men etter ei stund var ikkje dette interessant og difor uaktuelt. Han byrja læringa av å spela gitar – elektrisk gitar. Han spelte i nokre svartmetall- og daudmetallband tidleg på 90-talet, men fann det ikkje like interessant som resten av bandet. Han ville laga musikken heilt sjølv, utan andre sine synspunkt.[2]

Bakken hadde alltid vore interessert for lokalhistorie, spesielt Kongesogene og bygdehistoria til Songdal. Dette påverka musikken hans sterkt. Han gav ut to demoar: Songariket og Det Gamle Riket, begge prega av historieinteressa hans. I bygdebøkene fann han også inspirasjon til melodiane.[3] Hans fyrste studioalbum – Sóknardalr – kom ut i 1997, og baud ikkje på noko heilt annleis frå demoane. Demoane og Sóknardalr fekk status hjå svartmetallundergrunnen. Han fekk platekontrakt i 1996 med selskapet Voices of Wonder. Musikken spelte han heilt sjølv. Studioalbumet selte over 2000 kopiar det året.

Trass den dunkle syngestilen og mørke stemninga, ville ikkje Bakken assosiera seg med svartmetall. Grunnen til dette var at han meinte den var stereotypisk, og kunne svekka salet. Svartmetallen hadde òg fått mykje negativ omtale i media på 90-talet. Han kalla difor sjangeren sin for «sognametall».

Daud endre

Bakken drog på tur ein januarfredag mot hytta si på Fagereggi, men det var stygt vêr den dagen, og han kom aldri fram. Tre dagar etter kom leitemannskap og politi og fann han på Reppastølen i Sogndal. Bakken døydde truleg av hypotermi, då han vart fanga av snøstormen. Terje Bakken vart gravlagd på Stedje kyrkje i Sogndal, 27. januar 2004.

Diskografi endre

Demoar endre

  • Sognariket (1995)
  • Det Gamle Riket (1995)¨

Studioalbum endre

Samlealbum og hyllester endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Radiointervju frå Midt i musikken med NRK P2». NRK P2. Henta 23. oktober 2011. 
  2. «Windir – The Story So Far». windir.no. Henta 24. oktober 2011. 
  3. «Fjernsynsreportasje, NRK». NRK. Henta 22. oktober 2011.