Terje Riis-Johansen

norsk politikar

Terje Riis-Johansen (fødd 15. mars 1968) er ein norsk senterpartipolitikar frå Skien. Han var landbruks- og matminister 2005–2008 og olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si andre regjering 2008-2011. Riis-Johansen gjekk av 4. mars 2011 og vart etterfølgd av partifellen Ola Borten Moe. 5. oktober 2011 vart han vald til fylkesordførar i Telemark og sat til 2015.

Terje Riis-Johansen

Fødd15. mars 1968 (56 år)
Skien kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, agronom, Dagleg leiar
Utdanna vedHøgskolen i Telemark
Søve videregående skole
VervFylkesordførar i Telemark 5. oktober 2011–13. oktober 2015
FøregangarGunn Marit Helgesen
EtterfylgjarSven Tore Løkslid
VervNorsk olje- og energiminister 20. juni 2008–4. mars 2011
FøregangarÅslaug Haga
EtterfylgjarOla Borten Moe
VervNorsk landbruks- og matminister 17. oktober 2005–20. juni 2008
FøregangarLars Sponheim
EtterfylgjarLars Peder Brekk
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1993–30. september 1997
Alle verv

Karriere endre

Riis-Johansen er utdanna innan agronomi og landbruksteknikk. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 1991 vart han vald inn i Skien bystyre og Telemark fylkesting for Senterpartiet, og i 1993 vart han vald inn på Stortinget, men mista plassen sin der i 1997. Frå 17. oktober 2005 og fram til 20. juni 2008 var han statsråd i Landbruks- og matdepartementet i same regjeringa Stoltenberg II.

Under regjeringa Bondevik I var han rådgjevar i Finansdepartementet. Han var fram til han vart utnemnd som statsråd styremedlem i Noregs Bondelag (2000–2005). Elles har Riis-Johansen mellom anna vore sentralstyremedlem i Norges Bygdeungdomslag (1989–1991) og nestleiar i Nei til EU (1995–1997).

I 2009 vart Riis-Johansen trekt inn i ein kritikk av Innovasjon Norge, då det kom fram at han i 2007 fekk 500 000 kroner i rein støtte frå innovasjonsføretaket for å pusse opp ein fjøs.[1]

Etter kommunevalet i 2023 blei han vald til fylkesvaraordførar i nye Telemark fylke.[2]

Terje Riis-Johansen er gift og har tre ungar.

Kjelder endre

Referansar
  1. «Frp: – Støtter bønder mer enn gründere» av Cathrine Graff på TV2Nyhetene.no (21.06.2009).
  2. Anne Lisbeth Odinsen. «Enighet i Telemark - Løkslid blir fylkesordfører» (på norsk bokmål). Vestfold og Telemark fylkeskommune. Henta 30. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff endre