Termisk verkningsgrad

Termisk verkningsgrad vert definert som tilhøvet mellom energien (termodynamisk arbeid) som vert utvunnen (overført til mekanisk arbeid) frå eit termodynamisk system og tilført varmestraumen (Q) til systemet[1]:

.

Den øvre grensa for termisk verkningsgrad (som ikkje kan overstigast), Carnotverkningsgraden, er [1]

,

der Tn er den lågaste og Th er den høgaste temperaturen (uttrykt i Kelvin) i prosessen. Maksimalverkningsgraden avheng difor av temperaturendringa i systemet.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Moran, M.J. og Shapiro, H.N., Fundamentals of engineering thermodynamics, 5. utg., John Wiley & Sons, 2006.