Termoluminescens er ei form for fosforescens, kortvarig lysutsending som ein kan observere ved langsam oppvarming av einskilde krystallinske stoff. Effekten oppstår når tidlegare absorbert energi frå elektromagnetisk stråling eller anna ionisert stråling vert send ut att som lys når materialet vert oppvarma. Fenomenet skil seg frå svartlekamstråling (vanleg glødelys) ved at det vert sendt ut ved langt lågare temperatur, i einskilde tilfelle til og med under romtemperatur (etter avkjøling til mykje lågare temperatur og etterfølgjande oppvarming).

Termoluminescens frå fluoritt.

Kjelder endre