Tero Pitkämäki (fødd 19. desember 1982) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Ilmola i Lappland i Finland. Han vart verdsmeister i spydkast i Osaka 2007, og vann i åra 2006-15 heile sju medaljar i internasjonale meisterskap.

Tero Pitkämäki


Statsborgarskap Finland
Fødd 19. desember 1982 (41 år)
Ilmola
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Aktiv endre

Pitkämäki byrja med spydkast som 16-åring og nådde relativt fort gode resultat. Internasjonalt utmerka han seg ikkje før enn 2004-sesongen, då han kom på åttande plass i OL 2004 med 83,01 meter.

Hans personlege rekord er 91,53 meter, kasta i Kuortane 26. juni 2005, noko som gjorde han til det store heimehåpet under VM i Helsingfors. Under vanskelege tilhøve lukkast han ikkje, kom på fjerdeplass med 81,27 meter som beste resultat.

I EM i Göteborg 2006 tok Pitkämäki sølv med eitt kast på 86,44. Norske Andreas Thorkildsen vann meisterskapet.

Den 5. august 2007 vann Pitkämäki det finske meisterskapet for fjerde gong med eit kast som målte 89,43 meter. Pitkämäki deltok sidan i friidretts-VM i Osaka i Japan, der han vann gull med eitt kast på 90,33 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i finske meisterskap endre

  • Gull: 2004 (82,82), 2005 (87,83), 2006 (88,17) ja 2007 (89,43)
  • Sølv: 2003 (80,45), 2008 (82,28)

Personlege rekordar og årsbeste endre

Spydulukka i Roma endre

Fredag den 13. juli 2007 under IAAF Golden League-stemnet på Stadio Olimpico trefte eit av Pitkämäkis spyd den franske lengdehopparen Salim Sdiri i ryggen. Sjølv om han var skaka, fullførte Pitkämäki tevlinga og vart nummer to etter Andreas Thorkildsen.