Terra sigillata er ei moderne nemning for ein type finkeramikk brukt som servise under Romarriket. Terra sigillata vart produsert i området rundt Arezzo i Italia, kjent som arretinsk keramikk, og delar av Gallia, engelsk samian ware, frå det fyrste hundreåret f.Kr. fram mot 300-talet e.Kr. Ein finn òg nokre gonger namnet nytta om austleg sigillata og African Red Slip (italiensk sigillata africana).

Romersk terra sigillata-bolle med relieffdekorasjon
Profilteikning av forma Dragendorff 29. Fyrste hundreåret e.Kr.

Keramikken spenner frå mørk raudbrun til lys oransje, med ein glasur som går frå matt til glinsande. Ordet sigillata syner til at gjenstandane ofte er dekorert med små figur-relieff, men dei kan òg vera udekorerte. Produksjonen gjekk føre seg på ein nær industriell skala, med høg grad av standardisering i storleik, skapnad og dekorasjon (m.a. ved bruk av former), og varene vart eksportert over store fråstandar. Endring og utvikling av produkta over tid har mogleggjort eit omfattande stilistisk katalogiseringsarbeid og utvikling av typologiar, slik at terra sigillata-keramikken har vorte eit viktig verktøy i datering av arkeologisk materiale frå denne perioden. Dragendorff [1] si klassifisering frå 1895 er framleis i bruk, medan Hayes[2] er mykje nytta for den sein-romerske keramikken.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Dragendorff 1895
  2. Hayes 1972; 1980
Bibliografi
  • Dragendorff, Hans. 'Ein Beitrag zur Geschichte der griechischen und römischen Keramik', Bonner Jahrbücher 96 (1895)
  • Hayes, John W. Late Roman Pottery London 1972: The British School at Rome.
  • Hayes, John W. Supplement to Late Roman Pottery London 1980: The British School at Rome.