Tessar er eit slag objektiv som vart oppfunne av fysikaren Paul Rudolph. I 1902 tok den tyske optikkmakaren Carl Zeiss patent på konstruksjonen. På den tida var konstruksjonen nokså overlegen andre i skarpheit og oppløysing. Dei første tessarobjektiva hadde lysstyrke (største blendar) på 1:6,3. Seinare variantar har lysstyrke opp til om lag 1:2,8. Objektivet er asymmetrisk oppbygd med fire linser i tre grupper. Namnet kjem for det greske ordet for 'fire', τέσσερα.

Tessar-objektiv i tverrskurd. Frontlinsa til venstre. Blendaren setjast inn mellom dei to attre linsegruppene.

Tessarobjektivet er grunnlag for mange andre konstruksjonar, men i dag er det mykje godt bytt ut av andre typar objektiv der ein kan utnytta fleire element, takk vere antireflekshandsaming, noko som ikkje fanst då tessarobjektivet vart laga. Vario-tessar, eit zoomobjektiv, er nytta på visse digitalkamera. Objektiv som i stor mon byggjer på Tessar-konstruksjonen er Elmar (Leitz/Leica) og Heliar (Voigtländer).

Kjelder endre