Tetovo (makedonsk Тетово; albansk Tetovë; tyrkisk Kalkandelen) er ein by og ein kommune i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tetovo, Sjipkovitsa og Dzjeptsjisjte.

Tetovo
Тетово
Tetovë
Kalkandelen
Utsyn over Tetovo
Utsyn over Tetovo
Utsyn over Tetovo
Byvåpenet til Tetovo
Byvåpenet til Tetovo
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Polog
Geografi
Flatevidd 261,89 km²
Flatevidd
 - By

261,89 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

84 770
  323,7/km²
Koordinatar 42°00′N 20°58′E / 42.000°N 20.967°E / 42.000; 20.967
Høgd over havet 468 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1200
Telefon-retningsnummer +389 044
Bilnummer TE
Heimeside: tetovo.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Tetovo i Nord-Makedonia
Plasseringa til Tetovo i Nord-Makedonia
Plasseringa til Tetovo i Nord-Makedonia

Kommunen har eit areal på 261,89 km2 og hadde 84 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 86 580 innbyggjarar,[2] medan den tidlegare kommunen Tetovo hadde 70 841 og sjølve byen hadde 52 915 innbyggjarar.[3]

Byen ligg 468 meter over havet. Det ligg to universitet i byen, Statsuniversitetet Tetovo og det internasjonale Sørausteuropeiske universitetet.

Namn endre

Tetovo tyder «Teto sin stad» og myta skal ha det til at byen vart kalla opp etter den legendariske helten Teto, som visstnok rydda byen for slangar.

Geografi endre

Byen ligg ved foten av Šar Planina og er delt i to av elva Pena. Tetovo kommune har internasjonal grense til Kosovo i nord og vest og til dei nordmakedonske kommunane Teartse i nordaust, Jegunovtse i aust, Zjelino i søraust, Brvenitsa i sør og Bogovinje i sørvest.

Historie endre

 
Ortodoks kyrkje i Tetovo.

Sjølv om det har vore innbyggjarar i området sidan bronsealderen, men sjølve Tetovo vart offisielt grunnlagd på 1300-talet som ein liten ortodoks busetnad rundt kyrkja Sveta Bogorodica. På slutten av 1300-talet kom byen inn under Det osmanske riket og det vart bygd moskéar, bad og marknader alt på byrjinga av 1400-talet. Tetovo vart eit viktig handelssenter for dei lokale bøndene og handverkarane og ein viktig militærfestning. Tyrkarane kalla byen Kalkandelen.

I 1912 under den første balkankrigen kom Tetovo inn under Serbia. Under den andre verdskrigen vart byen styrt av Italia og regimet deira i Albania.

Busetnader i kommunen endre

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
Tetovo 52 915
Mala Retsjitsa 8 353
Dzjeptsjisjte 4 051
Golema Retsjitsa 3 977
Poroj 2 899
Sjipkovitsa 2 826
Seltse 2 538
Vesjala 1 222
Brodets 1 136
Vejtse 1 127
Sarakjino 1 087
Gajre 1 020

Kjelder endre

Referansar endre