Théodore Géricault

Jean Louis André Théodore Géricault (26. september 179126. januar 1824) var ein fransk målar og litograf frå Rouen, ein av dei viktigaste føregangsmennene for romantikken.

Théodore Géricault

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. september 1791
Rouen
Død

26. januar 1824 (32 år)
Paris

Yrke kunstmålar, grafikar, bilethoggar, litograf, bygningstegner
Sjanger portrett
Born Georges-Hippolyte Géricault
Théodore Géricault på Commons

Liv og gjerning endre

 
Husaroffiseren, 1812
 
Alexandre Colin: Théodore Géricault, 1816

Géricault vart utdanna i Claude Vernets realistiske tradisjon og vart inspirert av nyklassisisten Pierre Guérin. Hans vart lagt merke til med arbeidet Husaroffiseren frå 1812, eitt verk som viser påverknad frå Peter Paul Rubens, samt interesse for motiv tekne frå samtida. Gjennom ei reise til Firenze og Roma 1816-17 kom Géricault i kontakt med kunsten til Michelangelo og med barokken.

Allereie frå han byrja som målar nytta Géricault ofte tema og motiv frå militære miljø, med hestar og folk på reise. Mange av dei litografia han laga etter reisa til Italia, med motiv frå det militære livet, vert rekna mellom dei tidlegaste meisterverka i kunstforma.

Hans mest berømte verk er Medusas flåte frå 1819. Måleriet gjev med stor kraft att fylgjene av eit i samtida mykje omtala forlis då ein korrupt fransk skipskaptein overgav mannskapet sitt og forlet sjøfolka til ein sikker død. I dette verket kombinerte han ein nyklassisistisk komposisjon, som til dømes figurane, med romantikkens dramatiske grep, synleg med den dominerande diagonalen og det vesle fartøyet i høgrekanten på biletet. Kunstverket fekk inga større merksemd i Frankrike, så Géricault tok det med til Storbritannia, der det vekte stor åtgaum.

Tilbake i Frankrike byrja Géricault på ein serie portrett av sinnssjuke, der kvart portrett skal spegle ulike former for psykisk liding.

Svekka av rideulykker og kroniske tuberkuløse infeksjonar døydde Géricault i 1824 i Paris, etter lengre tids sjukdom. Gravminnet over han på Père Lachaise syner han med pensel i hand ovanom eit relieff av hans berømte Medusas flåte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Théodore Géricault