Thabo Mbeki

sørafrikansk politikar

Thabo Mvuyelwa Mbeki (fødd 18. juni 1942) er ein sørafrikansk politikar for African National Congress (ANC).[1] Han var den andre presidenten i Sør-Afrika frå 14. juni 1999 til 13. juni 2008.[2]

Thabo Mbeki

Thabo Mbeki
Foto: Antonio Milena/ABr
Fødd18. juni 1942 (81 år)
Mbewuleni
Statsborgar avSør-Afrika
PartiANC
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversity of Sussex
University of Sussex
Hult International Business School
Sør-Afrika-universitetet
Randse Afrikaanse Universiteit
Glasgow Caledonian University
Universitetet i Stellenbosch
University of London
MorEpainette Mbeki
FarGovan Mbeki
EktefelleZanele Dlamini Mbeki
VervPresident i Sør-Afrika 1999–2008
FøregangarNelson Mandela
EtterfylgjarKgalema Motlanthe
Alle verv
  • Sør-Afrikas visepresident (1994–1999)
  • medlem av Sør-Afrikas nasjonalforsamling
  • Den afrikanske unions formann (2002–2003)
  • Sør-Afrikas president (1999–2008)
  • Commonwealth Chairperson-in-Office (1999–2002)
  • generalsekretær i Den alliansefrie bevegelse (1999–2003) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Mbeki vart fødd i Idutywa i Transkei. Han var i politisk eksil frå 60-talet til ANC vart legalisert i 1990 og studerte økonomi ved University of Sussex.[3] Han var visepresident i landet mellom 1994 og 1999 og vart vald til president i 1999 og deretter gjenvald i 2004.

Trass i at han tidlegare var medlem av det sørafrikanske kommunistpartiet har han i stadig større grad vorte assosiert med nyliberalistisk økonomisk politikk, og vert rekna som arkitekten bak det sørafrikanske økonomiske reformprogrammet GEAR som har vore offisiell regjeringspolitikk sidan 1996.

Internasjonalt vart han òg kjend for det kontroversielle synet sitt på AIDS, han støttar seg til ei mindre gruppe vitskapsmenn som meiner at HIV-viruset ikkje er årsak til AIDS. I staden har han ved fleire høve ymta om at dei helsemessige konsekvensane ekstrem fattigdom fører med seg, som underernæring, kan vere ei av årsakene til sjukdomen.

Kjelder endre

  1. «Thabo Mbeki» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Thabo Mvuyelwa Mbeki, Mr» (på engelsk). Government of South Africa. Henta 23. februar 2024. 
  3. «Thabo Mbeki» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 23. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Thabo Mbeki
  Denne samfunnsartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.