Thames på New Zealand

Thames er ein by i den sørvestlege enden av CoromandelhalvøyaNordøyaNew Zealand. Han ligg ved Firth of Thames nær munningen til elva Waihou River. Byen er administrasjonssenter i distriktet Thames-Coromandel og ligg i regionen Waikato. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 6 756.[4]

Thames
by
Land  New Zealand
Fylke Waikato
Folketal 7 680 (30. juni 2018)[1]
Kart
Thames på New Zealand
37°08′18″S 175°32′26″E / 37.1384°S 175.5405°E / -37.1384; 175.5405
Wikimedia Commons: Thames, New Zealand
Thames på New Zealand is located in New Zealand

Ein viktig arbeidsgjevar er Toyota New Zealand, der anlegget fram til 1981 monterte bilar av importerte delar (Complete knock down bilar), og som no renoverar importerte bruktbilar. Ein annan er presisjonsverkstaden og støyperiet A & G Price som vart opna i 1868 og som bygde 123 damplokomotiv for New Zealand Railways. No lagar det kjølar til større lystfarty.

Byen vart opphavleg bygd opp under eit gullrusj, og folkemengda talde på det meste kring 18 000 i 1868. I ein periode tenkte ein at byen kunne passera Auckland som den viktigaste byen i området. Eit tidleg læresete i byen var gruveskulen Thames School of Mines.

Mange menneske flytta til Thames i oppgangstida, og han vart snart den nest største byen i landet (Auckland har alltid vore den største). Då gullførekomstane tok til å ebba ut, gjekk også innbyggjartalet ned. Byen er stadig den største på Coromandel. Mange av innbyggjarane arbeider med turisme, og lokalt eigde verksemder yter tenester til det omliggjande jordbruksdistriktet.

Historie endre

Thames vart bygd opp frå to tidlegare busetnader, Grahamstown og Shortland, der mange av dei opphavlege bygningane enno står. Shortland låg sør for Thames og vart grunnlagt 27. juli 1867 då James Mackay, kommissær for Hauraki District fekk i stand ein avtale med lokale māoriar. Avtalen sikra rettane til lokale mineralførekomstar, og førte til opninga av gullfeltet Thames Goldfield 1. august. Grahamstown vart grunnlagt året etter i nordenden av den noverande Thames, om lag halvannan km frå Shortland. Dei to busetnadane gjekk saman i 1874, etter at det viste seg at hovudåra i gullførekomsten låg i Grahamstown. Shortland vart mindre viktig til omkring hundreårsskiftet då Hauraki Plains vart opna for jordbruk og jarnvegsstasjonen i Shortland vart opna.

 
Poupou (dørstolpe) frå Hotunui

Områda med gullførekomstar i Thames var ått av māoriar, viktige delar av det høyrde til Taiparifamilien. I 1878, då Wiremu Hōterene Taipari gifta seg med ei kvinne frå Ngāti Awa iwien i Whakatāne, kom treskjærarar frå Ngāti Awa til Thames og bygde eit møtehus ved Pārāwai som bryllaupsgåve til paret. Huset, som fekk namnet Hotunui til ære for ein av dei viktige forfedrane i iwien Ngāti Maru, står no i Auckland War Memorial Museum.

Thames High School vart bygd i 1880. For tida går her omkring 660 studentar, somme av desse har meir enn ein times skuleveg. Andre skular i Thames er Parawai, Thames South, St Francis og Moanataiari.

Thames Hospital er det eldste sjukehuset som enno er i drift på New Zealand, det vart bygd på 1860-talet. I 2006 vart det pussa opp for 30 millionar NZD.

Flaumfåre endre

Kystområdet ved Thames har opplevd fem store flaumar sidan 1981, tre av desse fann stad i eit tidsrom på 15 månadar: Flaumen i januar 2002, flaumen i juni 2002 (vêrbomba), og påskeflaumen i 2003. I flaumen i juni 2002 omkom ein person. Dei direkte og indirekte kostnadane knytte til desse fem flaumane er estimerte til 56 millionar NZD. Juniflaumen i 2002 åleine førte til 13,2 millionar i direkte utgifter for Thames Coromandel District, i tillegg til betydelege kostnader for staten, private huseigarar og forretningsverksemder.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

37°8′18″S 175°32′15″E / 37.13833°S 175.53750°E / -37.13833; 175.53750