The Alexander Brothers

The Alexander Brothers var ein easy-listening-folkemusikkduo frå Skottland, med ein lang karriere som byrja på 1950-talet.

The Alexander Brothers

Aktiv1950–2012
Sjangerfolkemusikk, country
PlateselskapPye Records

Karriere endre

Thomas Armit «Tom» Alexander (25. juni 1934-9. januar 2020) og John «Jack» Armit Alexander (11. november 1935-2. november 2013) var fødd ved Thrashbush Avenue i Cambusnetan nær Wishaw i North Lanarkshire i Skottland. Dei blei oppmuntra av den musikalske mor si til å læra å spela instrument frå ung alder. Tom blei best på akkordeon, medan Jack spelte piano. Då dei gjekk ut av skulen på byrjinga av 1950-talet, tok brørne arbeid som målarar om dagen og underhaldarar om kvelden, og brukte mesteparten av fritida si på å underhalda eldre på sjukehus og ha konserter for ulike velgjerdsinstitusjonar i og rundt heimbyen. Våren 1958 blei dei med i ein talentkonkurranse som blei halden i den lokale kinoen deira. Dei vann han lett, og ein av domarane, som var ein kjend skotsk teateragent, var så imponert at han gav gutane kontrakt den sommaren. Dei hadde den profesjonelle debuten sin ved Webster Hall i Arbroath. Det var i denne sesongen at dei fekk sin første langtidskontrakt for fem vintersesongar på Metropole Theatre i Glasgow. Etter Arbroath blei dei engasjerte til å opptre på Metropolitan Theatre ved Edgware Road i London. I denne sesongen blei dei spotta og signerte til Pye Records. Dei produserte sin fyrste LP seks veker seinare.

Den mest populære innspelinga deira var «Nobody's Child» frå 1964, som skal ha «selt meir enn The Beatles i Skottland».[1] Andre populære songar var «These Are My Mountains», «The Northern Lights of Old Aberdeen», «Bonnie Wee Jeannie McColl» og «Two Highland Lads». Albumet deira frå 1966 These Are My Mountains var den einaste hitplata deira, og nådde 29. plassen på UK Albums Chart.[2] Sjølv om populariteten deira hadde nådd toppen, hadde duoen ein lang turnékarriere. Brørne turnerte i Canada, USA, Australia og New Zealand. Dei spelte i Sydney Opera House med Jimmy Shand som gjest, og spelte òg i Carnegie Hall i New York City. Ein kjend fan var Charlton Heston, som såg dei jamleg i Los Angeles.[3] Midt på 1990-talet byrja The Alexander Brothers å gje ut musikkvideoar, og seinare DVD-ar, i lag med live-framføringane sine. Dei nye opptaka inneheld mange religiøse songar. Dei siste CD- og DVD-ane deira blei produserte av Bill Garden og Dougie Stevenson av selskapet Scotdisc i Kilsyth.[4]

Som anerkjenning for bidraget sitt til musikkverda fekk brørne MBE-ordenar frå dronninga i New Year Honours List 2005.[5] Tildelingsseremonien blei halden i Holyrood Palace i Edinburgh.

2. november 2013 døydde Jack Alexander, 77 år gammal.[6] Tom Alexander heldt fram med å spela som soloartist.[7] 10. januar 2020 blei det kunngjort at Tom Alexander hadde døydd dagen før, 85 år gammal.[8][3]

Kjelder endre

  1. «Scots entertainers awarded MBEs». BBC News. 31. desember 2004. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 18. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. 3,0 3,1 Mclaughlin, Martin. «Tributes paid to Scottish music legend Tom Alexander». Henta 11. januar 2020. 
  4. Paul Brown, Bluemoon Creative Design. «Welcome to Scotdisc Music and DVD Video». Scotdisc.co.uk. Henta 30. april 2012. 
  5. «Look Who has been made a CBE - Scotsman.com News». The Scotsman. 31. desember 2004. 
  6. «BBC News - Jack Alexander of The Alexander Brothers dies aged 77». Bbc.co.uk. Henta 4. november 2013. 
  7. «Tom Alexander of The Alexander Brothers dies aged 85». Henta 11. januar 2020. 
  8. Crae, Ross. «Tributes paid to legendary Alexander Brothers entertainer Tom Alexander». Henta 10 January 2020. 

Bakgrunnsstoff endre