The Buddha of Suburbia av David Bowie

The Buddha of Suburbia
Filmmusikkalbum av David Bowie
Utgjeve 8. november 1993
Innspelt Juni og juli 1993
Studio Mountain, Montreux i Sveits
O'Henry Sound, Burbank, California
Sjanger
Lengd 55:26
Selskap BMG International
Virgin/EMI
Produsent
David Bowie-kronologi 
Black Tie White Noise
(1993)
The Buddha of Suburbia The Singles Collection
(1993)


Singlar frå The Buddha of Suburbia
  1. «The Buddha of Suburbia»
    Utgjeve: 22. november 1993

The Buddha of Suburbia er eit filmmusikkalbum frå 1993 av den engelske musikaren David Bowie inspirert av miniserien The Buddha of Suburbia som opphavleg gjekk på BBC2, basert på romanen The Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi. Sjølv om det er klassifisert som eit «lydsporalbum», er det berre tittelsporet som faktisk vart nytta i serien.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]
Record Collector3/5 stars[3]
Robert Christgau(fiasko)[4]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[5]

Albumet kom ut mellom Black Tie White Noise (1993) og Outside (1995). Det var produsert og miksa i Mountain Studios (Montreux) i Sveits og tok i følgje Bowie berre seks dagar å skrive og spele inn, og femten dagar å mikse på grunn av tekniske problem.[6]

Bakgrunn endre

Under den korte presseturneen til Bowie for Black Tie White Noise tidleg i 1993, snakka han med Hanif Kureishi, som føreslo at Bowie kunne skrive musikk for den komande miniserien hans The Buddha of Suburbia for BBC. Musikken Bowie laga var korte «motiv – kombinasjonar av gitar, synthesizer, trompet, perkusjon og sitar.»[7] Etter ein kom fram til at musikken ikkje passa for showet, gjekk Bowie attende til den nye musikken i lag med Erdal Kizilcay, og omforma songane ved å forvrenge dei, spele dei inn på ny og leggje til vokalmelodiar til songane.[7] Berre tittelsporet var uendra frå det originale lydsporet.[6] Albumet vart klassifisert og gjeve ut som eit filmusikkalbum i november 1993.[7]

Seinare i 1990-åra vurderte Bowie å spele inn «Dead Against It» på ny, ein av songane frå dette albumet, under både Outside i 1995 og Earthling i 1997, men om han vart spelt inn kom han ikkje ut på ny.[7]

Sletting endre

Trass i at Bowie trekte albumet fram som favorittalbumet hans[8] var både den europeiske versjonen frå 1993 og den amerikanske versjonen frå 1995 ute av opplag i mange år. Eller som Bowie sa det «Sjølve albumet fekk berre ei enkelt melding, ei god melding faktisk, og det eksisterer i røynda ikkje i katalogen min - det var klassifiset som eit lydspor og fekk overhovudet ingenting til marknadsføring. Ei stor skam.»[8]

Albumet kom ut på ny 17. september 2007,[9] i Storbritannia og 2. oktober 2007[10] i USA.

Inspirasjonar endre

På den europeiske versjonen av albumet skreiv Bowie omfattande notat om emna og produksjonsteknikkane som vart nytta, og avslører ei liste over 'restar frå 1970-åra' som inspirasjon for songane hans. Lista omfatta dei følgjande referansane:

Tekstar etter fri assosiasjon, Pink Floyd, Harry Partch, kostyme, bluesklubbar, Unter den Linden, Brucke Museum, Pet Sounds, vener av Krays, Roxy Music, T-Rex, The Casserole, Neu!, Kraftwerk, Bromley, Croydon, Eno, postituerte & Soho, Ronnie Scott's Club, reiser gjennom Russland, einsemd, O'Jays, Philip Glass i New York-klubbar, Die Mauer, dop.[6]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av David Bowie.

Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:28
2.«Sex and the Church»6:25
3.«South Horizon»5:26
4.«The Mysteries»7:12
5.«Bleed Like a Craze, Dad»5:22
6.«Strangers When We Meet»4:58
7.«Dead Against It»5:48
8.«Untitled No. 1»5:01
9.«Ian Fish, UK Heir»6:27
10.«Buddha of Suburbia» (med Lenny Kravitz på gitar)4:19

Medverkande endre

  • David Bowie – vokal, klaverinstrument, synth, gitar, alt- og barytonsaksofon, klaverperkusjon, produksjon
  • Erdal Kızılçay – klaverinstrument, trompet, bass, gitar, trommer, perkusjon
  • 3D Echo (Rob Clydesdale, Gary Taylor, Isaac Daniel Prevost) – trommer, bass, gitar på «Bleed Like a Craze, Dad»
  • Mike Garson – piano på «Bleed Like a Craze, Dad» og «South Horizon»
  • Lenny Kravitz – gitar på «Buddha of Suburbia» (rockemiks)
  • David Richards – programmering, lydteknikar, miksing, produksjon
  • Mike Ruggieri – pianoinnspeling
  • Dominik Taqua – assisterande lydteknikar
  • John Jefford, BBC – fotografi
  • David og Anne Hardy (Wybo Haas) – design

Utgjevingar endre

  • Albumet kom først ut i Storbritannia med omfattande platenotat av Bowie som ikkje var med på den seinare amerikanske utgåva.
  • Albumet kom ut med eit alternativ omslag i USA først den 24. oktober 1995
  • Arista/BMG gav ut ei spesialutgåve av albumet i ein gjennomsiktig plastboks, i lag med boka til Hanif Kureishi. Katalognummeret er Arista/BMG 74321-17822.
  • Virgin/EMI gav ut albumet på ny i 2007.

Kjelder endre

  1. Ruhlmann, William. «The Buddha of Suburbia». Allmusic. Henta 12. september 2021. 
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. Draper, Jason. «DAVID BOWIE – THE BUDDHA OF SUBURBIA». Record Collector. Henta 13. september 2021. 
  4. Christgau, Robert. «Review: Buddha of Suburbia (Virgin, 2007)». Henta 3. august 2009. 
  5. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Bowie, David. The Buddha of Suburbia liner notes (BMG International, 1994) (available at Bassman's David Bowie page Arkivert 22. januar 2016 ved Wayback Machine.)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  8. 8,0 8,1 «Bowie Picks Obscure Favourite Album». 23. september 2003. Henta 14. september 2021. 
  9. BowieNet news 19. June 2007 Arkivert 13. desember 2007 ved Wayback Machine., henta 14. september 2021.
  10. Amazon.com: Buddha of Suburbia, retrieved 5. 9. 2007