The Delgados er ei skotsk musikkgruppe skipa i 1994 av dei tre barndomsvennene Alun Woodward, Steward Henderson og Paul Savage. Gruppa tok namnetter den spanske syklisten og Tour de France-vinnaren Pedro Delgado. Kort tid etter skipinga blei songaren og gitaristen Emma Pollock del av gruppa.

The Delgados
Aktiv1994–
Sjangerindierock, poprock
PlateselskapChemikal Underground
MedlemmerAlun Woodward
Steward Henderson
Paul Savage
Emma Pollock

I tillegg til The Delgados starta kvartetten også indieselskapet Chemikal Underground, som i tillegg til The Delgados også har stått bak mellom anna Mogwai og Arab Strap.

I 1997 gav Delgados ut debutalbumet sitt, Domestiques. Det blei følgd av Peloton (1999), som hausta mykje heider i pressa. Innspelinga til det tredje albumet, The Great Eastern, gjekk derimot i stå, og etter fleire månader i studio valde bandet å overlata produksjonen til Flaming Lips-produsenten Dave Friedmann.

Dette skulle visa seg å vera eit godt val, for med støtte frå Friedmann braut The Delgados for alvor gjennom lydmuren og The Great Eastern løfta The Delgados opp i superligaen til den moderne symfoniske rocken – saman med band som Mercury Rev og nettopp Flaming Lips.

I kjølvatnet på The Great Eastern blei Delgados hyra inn til å laga soundtrack til ein alternativ kunstfilm med dystre tema.

Sjølv om det fjerde albumet til gruppa fekk tittelen Hate, var resultatet langt frå så utilnærmeleg som tittelen kunne antyda. Albumet inneheldt ei romantisk insistering på venleik og idealisme, og er rekna som eit høgdepunkt.

I 2004 gav The Delgados ut det femte albumet sitt, Universal Audio, no utan hjelp frå Dave Friedmann. Året etter blei gruppa oppløyst. Sidan har The Complete BBC Peel Sessions kome ut i 2006. Etter oppløysinga byrja Emma Pollock å gje ut plater i eige namn.[1]

Diskografi endre

Album endre

  • 1997: Domestiques
  • 1999: Peloton
  • 2000: The Great Eastern
  • 2002: Hate
  • 2004: Universal Audio
  • 2006: The Complete BBC Peel Sessions

Kjelder endre