The Downs er eit red eller havområde sør for Nordsjøen nær Den engelske kanalen utanfor austkysten av Kent, mellom North og South Foreland sør i England.

The Downs
red
Land  Storbritannia
Kart
The Downs
51°11′08″N 1°29′23″E / 51.1856°N 1.4897°E / 51.1856; 1.4897
Wikimedia Commons: The Downs (ship anchorage)
Anchor and Timeball Tower i Deal i Kent, opphavleg eit semafortårn og seinare brukt til å signalisera tidspunkt ved hjelp av ein «timeball» eller tidskule.

I seglskutetida var The Downs var ein permanent base for krigsskipa som patruljerte Nordsjøen og ein oppsamlingsstad for reparerte eller nybygde skip som kom ut frå Chatham Dockyard. Her var ein trygg ankringsplass under uvêr med Goodwin Sands som verna mot vind og vêr i aust og kysten i nord og vest. Redet ligg òg mellom Doversundet og Themsen-estuaret, så både handelsskip som venta på austleg vind som kunne ta dei gjennom Kanalen, og dei som skulle til London, samla seg her, ofte i ganske lange periodar. I 1639 fann slaget ved The Downs stad her, då den nederlandske marinen øydela ein spansk flåte som hadde søkt tilflukt i det nøytrale engelske farvatnet.

Reidet har ei djupne på 22 meter. Sjølv under storm frå sør kunne redet gje noko vern, men stundom førte dette òg til forlis. Stormar frå alle retningar kunne og drive skipa på land eller på sandbanken, som alltid endra form og ikkje alltid vart godt merkte.

Kjelder endre

51°11′08″N 1°29′23″E / 51.1856°N 1.4897°E / 51.1856; 1.4897