The Kinks Are the Village Green Preservation Society

The Kinks Are the Village Green Preservation Society
Studioalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt November 1966 – oktober 1968
Studio Pye Studios i London
Sjanger Pop[1]
Lengd 38:58
Selskap
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
Something Else by The Kinks
(1967)
The Kinks Are the Village Green Preservation Society Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
(1969)
Singlar frå The Kinks Are the Village Green Preservation Society
  1. «Starstruck»
    Utgjeve: 8. januar 1969
  2. «The Village Green Preservation Society»
    Utgjeve: 30. juli 1969

The Kinks Are the Village Green Preservation Society er det sjette albumet til det engelske rockebandet The Kinks frå 1968.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[2]
Blender5/5 stars[3]
Pitchfork9.5/10[4]

Låtskrivar og frontmann Ray Davies skapte eit konseptalbum om det rolege livet i ei engelsk grend, som i eit vidare perspektiv kan omhandle uskulda i og idealiseringa av tidlegare tider og menneske. I tillegg til å vere eit kjærleiksbrev til eit idealisert England som ikkje finst meir, så er albumet gjennomgåande ironisk, som på tittelsporet i starten.

Songane på albumet vart spelt inn over ein periode på to år før albumet kom ut, og Davies fjerna seg frå å lage kommersielle hitsinglar og flytta seg mot ein meir personleg og nostalgisk låtskriving. Mange av songane spelt inn før sommaren 1968 kan ha vore meint for eit soloalbum av Ray Davies, sidan Davies var usikker på om dei ville passe til stilen til The Kinks. Etter kvart som konseptet utvikla seg og Kinks opplevde fallande salstal i 1968, vart albumet spelt inn som eit fullverdig Kinks-prosjekt. Davies frykta at bandet var i ferd med å gå frå kvarandre og at dette kunne verte deira siste prosjekt i lag, og la derfor all sjela si i albumet. Han stoppa mellom anna utgjevinga av albumet for å gå gjennom songutvalet på ny.

Temaet på albumet var inspirert av ein song bandet spelt inn i november 1966, kalla «Village Green», som igjen var inspirert av dei rustikke omgjevnadane i Devon i England, der dei heldt konsert på denne tida. Davies har òg oppgjeve Dylan Thomas sin Under Milk Wood som ein indirekte inspirasjon for konseptet. Songen oppsummerer det vidare temaet på albumet: «I miss the village green, and all the simple people...» («Eg saknar landsbyparken og alle dei naive menneska...»). I tillegg til nostalgi omhandlar songane mange tema innan kjensler og opplevingar, som tapte vener («Do You Remember Walter»), minner («People Take Pictures of Each Other», «Picture Book»), idyllisk røyndomsflukt («Animal Farm»), sosial marginalisering («Johnny Thunder», «Wicked Annabella»), offentleg sjenanse («All of My Friends Were There»), barndomsliknande fantasiar («Phenomenal Cat»), gå seg bort frå heimen («Starstruck») og stoisk akseptering av livet («Big Sky», «Sitting By the Riverside»). Davies skreiv ikkje mange av songane for å passe inn med det førehandsvalde temaet, men songane danna i staden eit naturleg felles tema ut frå den nostalgiske låtskrivinga til Davies på denne tida.

Tittelsporet var ein av dei siste songane som vart skriven og spelt inn for albumet (i august 1968) knyter effektivt alle songane saman gjennom eit ønske om å bevare eit litani av sentimentale lekamar, opplevingar og fiktive karakterar frå utvikling og moderne likegyldigheit: «God save little shops, china cups, and virginity». Denne tekstlinja inspirerte til slagordet «God save the Kinks», som vart nytta i promoteringa av albumet i USA, og som vart hengande ved bandet gjennom 1970-åra.[5]

Studiomusikar Nicky Hopkins medverka mykje til albumet. Bortsett frå orkesteret som spelar på den «Village Green», vart strykarane og blåsarane på songar som «Animal Farm», «Days», «Starstruck» og «Phenomenal Cat» simluerte på Mellotron, spelt av både Hopkins og Ray Davies.

Mottaking endre

Albumet selde dårleg då det kom ut og vart ignorert av dei som kjøpte popmusikk. Ein medverkande faktor var nok at ingen av songane var utprega singlar. Songen «Days» vart ein liten hit i Storbritannia sommaren 1968 og var opphavleg meint for albumet, men etter at singelen «Wonderboy» gjorde det dårleg vart han gjeven ut som ein sjølvstendig singel. Albumet var òg litt musikalsk på sida av det som var trenden på denne tida.

Albumet fekk likevel snart ein kultstatus som eit av dei mest likte albuma til bandet. Sjølv om det nostalgiske konseptet til Davies ikkje passa inn i tida i 1968, fekk det raskt mykje breiare appell. I 2003 vart albumet rangert på 258. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ray Davies.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Village Green Preservation Society»2:45
2.«Do You Remember Walter?»2:23
3.«Picture Book»2:34
4.«Johnny Thunder»2:28
5.«Last of the Steam-powered Trains»4:03
6.«Big Sky»2:49
7.«Sitting by the Riverside»2:21
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Animal Farm»2:57
9.«Village Green»2:08
10.«Starstruck»2:18
11.«Phenomenal Cat» («Phenominal» på LP-omslaget)2:34
12.«All of My Friends Were There»2:23
13.«Wicked Annabella»2:40
14.«Monica»2:13
15.«People Take Pictures of Each Other»2:10
Bonusspor på CD-utgåva frå 1998
Nr.TittelLengd
16.«The Village Green Preservation Society» (stereo)2:48
17.«Do You Remember Walter» (stereo)2:28
18.«Picture Book» (stereo)2:38
19.«Johnny Thunder» (stereo)2:33
20.«Monica» (stereo)2:16
21.«Days» (stereo)2:56
22.«Village Green» (stereo)2:11
23.«Mr. Songbird» (stereo)2:27
24.«Wicked Annabella» (stereo)2:43
25.«Starstruck» (stereo)2:22
26.«Phenomenal Cat» (stereo)2:38
27.«People Take Pictures of Each Other» (stereo)2:26
28.«Days» (mono)2:52
Bonusspor på Sanctuary Records si luksusutgåve frå 2004 - Plate ein (stereo)
Nr.TittelLengd
16.«Mr. Songbird»2:24
17.«Days» (stereomiks frå original 12-sporsutgåve som kom i Frankrike, Noreg og Sverige)2:53
18.«Do You Remember Walter?» (stereo mix from original 12-track edition released in France, Norway and Sweden)2:25
19.«People Take Pictures of Each Other» (stereo mix from original 12-track edition released in France, Norway and Sweden)2:24
Bonusspor på Sanctuary Records si luksusutgåve frå 2004 - Plate to (mono)
Nr.TittelLengd
16.«Days» (singelversjon)2:55
17.«Mr. Songbird» (monomiks)2:25
18.«Polly»2:51
19.«Wonderboy»2:49
20.«Berkeley Mews»2:36
21.«Village Green» (utan strykarar)2:13
Sanctuary Records si lusksusutgåve frå 2004 - Plate tre (rarities)
Nr.TittelLengd
1.«Village Green» (med orkester, ikkje tidlegare utgjeven)2:22
2.«Misty Water» (stereo)3:05
3.«Berkeley Mews» (stereo)2:40
4.«Easy Come, There You Went» (stereo, ikkje tidlegare utgjeven)2:25
5.«Polly» (stereo)2:52
6.«Animal Farm» (alternativ stereomiks, ikkje tidlegare utgjeven)3:02
7.«Phenomenal Cat» (monoinstrumental, ikkje tidlegare utgjeven)2:50
8.«Johnny Thunder» (stereomiks frå originale lydband, ikkje tidlegare utgjeven)2:36
9.«Did You See His Name» (monomiks, ikkje tidlegare utgjeven)2:00
10.«Mick Avory's Underpants» (ikkje tidlegare utgjeven)2:19
11.«Lavender Hill»2:56
12.«Rosemary Rose»1:44
13.«Wonderboy»2:44
14.«Spotty Grotty Anna»2:07
15.«Where Did My Spring Go»2:11
16.«Groovy Movies»2:34
17.«Creeping Jean» (skriven av Dave Davies; ikkje tidlegare utgjeven)3:12
18.«King Kong»3:26
19.«Misty Water» (mono, ikkje tidlegare utgjeven)3:12
20.«Do You Remember Walter» (BBC-miks, ikkje tidlegare utgjeven)2:17
21.«Animal Farm» (BBC-miks, ikkje tidlegare utgjeven)2:56
22.«Days» (BBC-miks, ikkje tidlegare utgjeven)3:02

Seint på sommaren 1968 hadde The Kinks håpa på å gje ut albumet som eit dobbeltalbum med 20 spor, men Pye Records avslo dette. Det kom ut ei utgåve med 12 spor i september 1968 i Europa, som i dag er verdifulle på samlarmarknaden. Ray Davies insisterte på å gje ut ei ny utgåve med 15 spor, og produksjonen av utgåva med tolv spor vart stoppa. Den endelege utgåva kom ut i november 1968.

Medverkande endre

The Kinks endre

Andre medverkande endre

Kjelder endre

  1. https://www.allmusic.com/album/the-village-green-preservation-society-mw0000068713
  2. Erlewine, Stephen Thomas. "The Kinks Are the Village Green Preservation Society > Review"Allmusic. Henta 27 November 2009.
  3. [1] Arkivert 30. september 2007 ved Wayback Machine.
  4. Tompkins, J.H. (26. juli 2004). «The Kinks: The Village Green Preservation Society». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 26. november 2011. Henta 8. april 2018. 
  5. Mason, Stewart. «The Village Green Preservation Society». AllMusic Guide.