The Night They Drove Old Dixie Down

The Night They Drove Old Dixie Down
Singel av The Band
frå albumet The Band
A-side

«Up on Cripple Creek»

Språk engelsk
Innspelt 1969
Sjanger Rock
Lengd 3:33
Selskap Capitol Records
Komponist Robbie Robertson
Tekstforfattar Robbie Robertson
Låtskrivar(ar) Robbie Robertson
Produsent John Simon

«The Night They Drove Old Dixie Down» er ein song skriven av Robbie Robertson og spelt inn av The Band i 1969 for det sjølvkalla albumet deira.

Tydinga av songen endre

 
Dei konfødererte brukte jernbane under omleiringa av Petersburg.

Teksten[1] fortel om dei siste dagane av den amerikanske borgarkrigen og etterverknadane av krigen. Sørstatssoldaten Virgil Caine tente på Danville-toget (Richmond and Danville Railroad, hovudforsyningslinja til sørstatshovudstaden Richmond i Virginia frå Danville i Virginia, og frå her vidare til Sørstatane). Armeen til general Robert E. Lee i Nord-Virginia held linja med omleiringa av Petersburg. Som ein del av felttoget reiv nordstatsgeneralen George Stoneman opp sporet att.

Ralph J. Gleason (i meldinga si i Rolling Stone i oktober 1969) forklarar kvifor denne songen gjer så stort inntrykk på lyttaren:

«Ikkje noko eg har lese … har gjeve meg den overveldande menneskelege historiekjensla som denne songen gjer. Det einaste eg kan relaterte han til er The Red Badge of Courage. Det er ein merkverdig song, den rytmiske strukturen, stemma til Levon og basslinja med trommebetoningar og så den tette harmonien til Levon, Richard og Rick i temaet, det får det til å verke umogeleg at dette ikkje er ein tradisjonell song gjeve vidare frå far til son frå vinteren 1865 og fram til i dag. Han har ein klang av sanning og ein heil aura av autensitet»

Robertson hevda at han hadde musikken til songen i hovudet, men ikkje hadde planlagt kva han skulle omhandle:

«På eit punkt busa konseptet ut mot meg. Eg gjekk så og undersøkte litt før eg skreiv teksten til songen. Då eg første gong reiste sørover, hugsar eg eit uttrykk som ofte vart sagt, 'Vel, ta det med ro, Sørstatane skal reise seg att.' Ein gong eg høyrte det syns eg det var morosamt, men ein annan gong rørte det ved meg. Eg tenkte 'Sidan eg høyrer dette heile tida så er det smerte her, det er sørgmodigheit her. I Americana-området er det ein slags vakker tristheit.»[2]

Utgjeving endre

The Band spelte songen mykje på konsertane sine, og finst på konsertalbuma Rock of Ages (1972) og Before the Flood (1974). Det var òg eit høgdepunkt på «farvellkonserten» deira i 1976, og finst i dokumentarfilmen om konserten The Last Waltz og filmmusikken frå filmen. Songen vart rangert på 245. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[3] Pitchfork Media kåra han til den 40. beste songen frå 1960-åra.[4]

Siste gongen songen vart spelt av Levon Helm, var i The Last Waltz (1976). Helm har sidan nekta å spele songen på konsertar.

Andre versjonar endre

Fleire andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Joan Baez i 1971 som nådde 3. plassen på singellista i USA med songen.[5] Baez gjorde fleire små endringar i teksten, men har sidan fortalt Kurt Loder i Rolling Stone at ho lærte teksten ved å høyre på albumet, og derfor høyrte feil her og der. På konsertar i nyare år har ho sunge teksten slik Robertson opphavleg skreiv han.[6]

Johnny Cash spelte songen på albumet John R. Cash frå 1975. Andre som har spelt songen er Jimmy Arnold, Don Rich and the Buckaroos, Steve Young, John Denver og The Allman Brothers Band.

I 1972 gjekk ein tysk versjon, «Am Tag als Conny Kramer starb», heilt til topps i Vest-Tyskland med Juliane Werding.

Medverkande på The Band-utgåva endre

Kjelder endre

  1. Teksten
  2. The Band: The Last Waltz
  3. «The Night They Drove Old Dixie Down : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 21. juni 2008. Henta 24. januar 2011. 
  4. "The 200 Greatest Songs of the 1960s: Part Four: #60-21" Arkivert 2009-05-24 ved Wayback Machine., Pitchfork Media, 17. august 2006
  5. The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition, 1996
  6. Kurt Loder (1983). "Joan Baez: The Rolling Stone Interview". Rolling Stone 4/14/83 (issue # 393)/4

Bakgrunnsstoff endre