The Office, kalla Kontoret på norsk, er en britisk komiserie om livet på eit kontor, filma som ein dokumentar. Serien er skapt av Ricky Gervais og Stephen Merchant. Serien vert rekna som ein av dei mest populære britiske komiseriane, og er til no selt til over 60 land. I 2005 vart det òg produsert ein amerikansk versjon av serien.

The Office
Norsk tittel: Kontoret
Typefjernsynsserie
SjangerSituasjonskomedie, fiktiv dokumentar
OpphavslandStorbritannia
Sesongar2
Episodar14
Lengd30 minutt
SpråkEngelsk
SkaparRicky Gervais, Stephen Merchant
ProdusentAsh Atala
ProduksjonsleiarAnil Gupta
Jon Plooman
MedverkandeRicky Gervais
Martin Freeman
Mackenzie Crook
Lucy Davis
Stirling Gallacher
Oliver Chris
Ralph Ineson
Periode9. juli 2001–
27. desember 2003
KanalBBC One

Handling endre

Handlinga skjer i Slough-avdelinga til papirfirmaet Wernham-Hogg, som vert leia av David Brent (Ricky Gervais) saman med assistenten sin, Gareth Keenan (Mackenzie Crook). Mykje av komikken oppstår når Brent skal imponere kamerafolka og dei tilsette elles med sin humoristiske leiarstil, og endar opp med å vere ytst diskriminerande, rasistisk eller politisk ukorrekt.

Vi finn òg Tim Canterbury (Martin Freeman), som er forelska i resepsjonisten Dawn Tinsley (Lucy Davis), eit tema som går igjen i alle episodane. Dawn på si side er forlova med Lee, men er òg forelska i Tim i skjul.

Livet på kontoret er fylt med arbeid, teambuilding og frykta for nedskjeringar.