The Pretty Things Are Going to Hell

The Pretty Things Are Going to Hell
Singel av David Bowie
frå albumet Hours
Utgjeve 20. september 1999 i Australia og Japan.
Innspelt Seaview på Bermuda
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 4:40 (album)
3:59 (singelutgåve)
Selskap Virgin Records
896 293 2
Komponist David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie, Reeves Gabrels
Produsent David Bowie, Reeves Gabrels
David Bowie-kronologi 
«Thursday's Child»
(1999)
The Pretty Things Are Going to Hell «Under Pressure (Rah Mix)»
(1999)


«The Pretty Things Are Going to Hell» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for albumet Hours i 1999. Det var den første singelen frå albumet i Australia og Japan, medan resten av verda fekk «Thursday's Child» som den første singelen. Songen vart først gjeven ut på filmmusikkalbumet til filmen Stigmata i 1999. Han nådde 30. plassen på den japanske singellista. Tittelen på songen er inspirert av songen «Your Pretty Face Is Going to Hell» av The Stooges frå albumet Raw Power, som var produsert av Bowie.

Det vart laga musikkvideo for «The Pretty Things Are Going to Hell», men denne er ikkje offisielt gjeve ut. I denne møter Bowie fire tidlegare «utgåver» av seg sjølv (The Man Who Sold the World, Ziggy Stardust, The Thin White Duke og Pierrot) spelt av mannekengliknande dokker.[1] I 2013 nytta Bowie to av dokkene i den heimelaga videoen hans for James Murphy-remiksen av «Love Is Lost» frå albumet The Next Day.[2]

Innhald endre

CD: Virgin / 7243 8 96293 2 3 (Australia) endre

  1. «The Pretty Things Are Going to Hell» – 4:40
  2. «The Pretty Things Are Going to Hell (edit)» – 3:59
  3. «We Shall Go to Town» – 3:56
  4. «1917» – 3:27

CD: Virgin / DPRO-14338 (USA) endre

  1. «The Pretty Things Are Going to Hell (edit)» – 3:59
  2. «The Pretty Things Are Going to Hell (Call out hook #1)» – 0:11
  3. «The Pretty Things Are Going to Hell (Call out hook #1)» – 0:11
  4. «Thursday's Child (Radio edit)» – 4:25
  5. «Thursday's Child (Call out hook #1)» – 0:12
  6. «Thursday's Child (Call out hook #2)» – 0:12

Medverkande endre

Produsentar
  • David Bowie
  • Reeves Gabrels
Musikarar

Konsertversjonar endre

Andre utgjevingar endre

  • Ein litt annan miks kom ut på filmusikkalbumet til filmen Stigmata i 1999. Denne versjonen kom òg ut på singelen «Survive».
  • Den redigerte versjonen, «Stigmata filmversjonen» og «Stigmata film only version» kom ut på bonusplata som følgde 2004-utgåva av Hours.
  • I april 2000 vart ein versjon som kunne miksast gjeven ut på nettet som Beatnik eMix. [3] Arkivert 2011-07-27 ved Wayback Machine.

Kjelder endre

  1. Rick Lyon for Jim Henson's Creature Shop[1], [2]
  2. «music video». Love is Lost. Henta 19. september 2021.