The Rain Song
Song av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
Utgjeve 28. mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger Rock
Lengd 7:39
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«The Rain Song» er ein ballade av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet deira Houses of the Holy, frå 1973.

Innspeling endre

«The Rain Song» er ein over sju minuttar lang kjærleiksballade. Gitarist Jimmy Page skreiv opphavleg melodien heime hos seg sjølv i Plumpton i England, der han nyleg hadde bygd eit studio. Det var delvis bygd opp frå Pye Mobile Studio som vart nytta til å spele inn konserten til bandet i Royal Albert Hall i 1970 og The Who sitt Live at Leeds.[1]

Page gjorde heile arrangementet for melodien ferdig før han presenterte songen for Robert Plant som skreiv teksten. Plant sjølv reknar teksten for hans beste.[2] Songen inneheld òg ein mellotron spela av John Paul Jones for å gje ein orkesteraktig effekt, medan Page spelar ein Danelectro gitar.[1]

George Harrison var visstnok inspirasjonen for «The Rain Song», då han kom med ein kommentar til Led Zeppelin-trommeslagar John Bonham, om at bandet aldri skreiv balladar.[3][4] Som ei hyllest til Harrison er opningsakkorden lånt frå balladen hans «Something» med The Beatles.[3]

Arbeidstittelen for songen var «Slush», ein referanse til det easy listening-aktige orkesterarrangementet.[1]

Konsertar endre

På konsertane sine frå seint 1972 til 1974 spela bandet songen like etter «The Song Remains the Same», slik dei vert presentert på albumet. Dette gjorde dei fordi Page nytta ein Gibson EDS-1275 dobbelhalsa gitar på begge songane. Songen vart ikkje spela på den amerikanske turneen i 1977, men kom attende att i 1979 og 1980. «The Rain Song» var den einaste songen frå Houses of the Holy som vart spela på europaturneen i 1980.

Page and Plant spela ein versjon av songen i 1993, men denne vart ikkje gjeven ut på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Han kom derimot med som bonusspor på nytutgjevinga av albumet i 2004.

Ettermæle endre

Plateprodusent Rick Rubin sa om songen, «eg veit ikkje ein gong kva slags musikk dette er. Han trassar klassifisering. Det er ein slik smakfull, vakker detalj i gitaren, ei triumferande kjensle når trommene kjem inn - det er trist og stemningsskapande og mektig, alt samstundes. Eg kunne lytta til denne songen ein heil dag. Det ville vore ein bra dag.»[5]

«The Rain Song» er med i fire filmar: Slutten på Cemetery Junction, Almost Famous, av Cameron Crowe, It Might Get Loud, ein dokumentar av filmmakar Davis Guggenheim, og Led Zeppelin sine eigen konsertfilm The Song Remains the Same frå 1976 (og det tilhøyrande albumet).

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • 1990: The Shakers (Songs from Beneath the Lake)
  • 1993: Motohiko Hino (It's There)
  • 1994: Page and Plant (Gallows Pole EP)
  • 1997: Jason Bonham Band (In the Name of My Father - The Zepset)
  • 2001: Randy Jackson (95 WIIL Rock: 95 Live CD)
  • 2001: Richard DeVinck (Going to California)
  • 2002: Aya Peard (Livin' Lovin' Played: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2004: Lumpy (Tarantula: Naked Acoustic Guitar)
  • 2005: Sly and Robbie (The Rhythm Remains the Same: Sly & Robbie Greets Led Zeppelin)
  • 2006: Franck Tortiller & Orchestre National de Jazz (Close to Heaven: A Led Zeppelin Tribute)
  • 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
  • 2007: Fred Benedetti (Dream Voyage)
  • 2007: The Boys from County Nashville (The Celtic Tribute to Led Zeppelin: Long Ago and Far Away)
  • 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007])
  • 2008: Wave Mechanics Union (Second Season: Progressive & Classic Rock as Jazz)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Austin Scaggs, Q&A: Robert Plant Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine., Rolling Stone, 5. mai 2005.
  3. 3,0 3,1 Edwards, Gavin (30. juli 2003). «Led Zeppelin review». Rolling Stone. Henta 26. mars 2011. 
  4. Friends
  5. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.