The Robots
Singel av Kraftwerk
frå albumet Die Mensch-Maschine
A-side

«Die Roboter» (tysk tittel)

B-side

«Spacelab»

Språk engelsk
Utgjeve 1978
Sjanger Elektronisk
Lengd 4:20 (singel)
3:42 (britisk singel)
6:11 (album)
Selskap Kling Klang (EMI) 1C-006-32941 (Ger)
Capitol CL15981 (UK)
Komponist Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos
Tekstforfattar Ralf Hütter
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«Showroom Dummies»
(1977)
The Robots «Neon Lights»
(1978)


«The Robots» (tysk Die Roboter) er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk som kom ut på singel i 1978. Både singelen og B-sida, «Spacelab», kom ut på det sjuande studioalbumet deira, Die Mensch-Maschine. Begge songane på singelutgåva var korta ned.[1]

Tekst endre

Teksten referer til dei nyskpanande teknikkane innan robotteknologi, og korleis menneske kan nytte desse slik dei måtte ønskje. Dei russiske linjene «Я твой слуга» (Ja tvoi sluga, Eg er tenaren din) og «Я твой работник» (Ja tvoi rabotnik, Eg er arbeidaren din) (skrive på baksida av plateomsalget) vert repetert i introduksjonen og i mellomspelet. Hovudteksten («We're charging our batteries and now we're full of energy...») vert «sungen» gjennom ein vocoder. Wolfgang Flür, eit medlem av Kraftwerk på den tida, skreiv seinare Ich war ein Roboter (I Was a Robotengelsk), som refererte til «The Robots».[2]

Konsertframføringar endre

Når songen vert framført på konsertane deira, så vert bandet som regel erstatta av robotar som liknar på bandmedlemmane.[3]

Lister endre

Liste (1978) Plassering
Tyskland 18
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 39

«The Robots» (1991 Remix) endre

The Robots
Singel av Kraftwerk
frå albumet The Mix
B-side

«Robotnik/Robotronik»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1991
Sjanger Elektronisk
Lengd 3:47 (singel)
8:58 (albumversjon)
Komponist Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos
Tekstforfattar Ralf Hütter
Låtskrivar(ar) Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«The Telephone Call»
(1987)
The Robots «Radioactivity (1991 nyutgjeving)»
(1991)


I 1991 vart ein remix av songen gjeve ut som singel frå remixalbumet The Mix.

Lister endre

Liste (1991) Plassering
Irland 26
UK Singles Chart 20
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 42
U.S. Billboard Hot Dance Singles Sales 42

Kjelder endre

  1. «On this date in 80s music history». The Post Punk Progressive Pop Party. Henta 16. september 2008. 
  2. «Kraftwerk: I Was a Robot - Reviewed by Troy Southgate». S Y N T H E S I S. Arkivert frå originalen 15. oktober 2011. Henta 28. mars 2013. 
  3. «KRAFTWERK THE ROBOTS LIVE». Google Video. 13. august 2006. Henta 28. mars 2013.