The Skerries i Anglesey

The Skerries (walisisk Ynysoedd y Moelrhoniaid) er ei gruppe skjer 3 km utanfor Carmel Head, nordvest på Anglesey i Wales. Dei har eit samla areal på 17 hektar. Øyane er eit viktig hekkeområde for sjøfugl og trekkjer til seg mange dykkarar på grunn av dei mange skipsvraka som ligg der.

The Skerries fyr

StadNær Carmel Head i Anglesey i Wales
Oppretta1716
Koordinatar53°25′19.2″N 4°36′29″W / 53.422000°N 4.60806°W / 53.422000; -4.60806
Fyrtårn
FormSirkelforma
Fyrlys
LyskarakterTo blink kvart 10. sekund
Lysstyrke1 150 000 cd
Lyshøgd36 moh.
Lysvidde22 nm
Status
EigarTrinity House
Automatisert1987
Kart
The Skerries i Anglesey
53°25′19″N 4°36′29″W / 53.422°N 4.60806°W / 53.422; -4.60806

Sjøfugl endre

Øyane har fleire sjøfuglkoloniar, og er særleg viktige for isterne og rosenterne. Andre fuglar som hekkar her er lundefugl, krykkje, gråmåse og sildemåse.

På grunn av desse fuglane, og særleg på grunn av ternene, har øyane status som Special Protection Area (særskild verneområde) i lag med det nærliggande området Cemlyn Bay og Ynys Feurig og alle tre er òg klassifisert som Important Bird Area (viktig fugleområde). The Skerries har òg status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse).

Fyr endre

The Skerries fyr vart bygt på det høgaste punktet på den største øya etter 1716. Det vart bygt av William Trench, som mista sonen sin utanfor skjera og døydde i gjeld i 1725. Det vart ombygt i 1759 av arvingane hans. Det hadde form som eit tilspissa kalksteinstårn som var 6,65 meter i diameter og om lag 8,5 meter høgt. Det vart fyrt av eit fyrfat med kol på toppen av tårnet. I 1778 vart toppen heva med 6,7 meter og det vart bygt ein balkong av jern rundt ei oljefyrt lanterne.

Trinity House tok over fyret i 1836. Det vart restaurert av James Walker. Han auka diameteren på tårnet. Ei ny støypejernslanterne på 4,25 m vart sett på toppen.

Lys skin i høgd på 36 meter over høgvatn med ein intensitet på 1 150 000 candela. Det blinkar to gonger kvart 10. sekund og er synleg 22 nautiske mil unna. I 1903–4 vart det bygt eit sirkelforma tårn, om lag 3 meter i diameter, på sørvestsida av hovudtårnet. Dette skin i ei høg 26 meter over havet. Fyret vart automatisert i 1987 og er no kontrollert frå Holyhead.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre