The Turret er eit kjenneleg, klipperikt nes, 460 meter over havet, ved sørsida av innløpet til Gibbon Bay på austkysten av Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart truleg oppdaga av kaptein George Powell og kaptein Nathaniel Palmer som oppdaga desse øyane i desember 1821. Det vart kartlagd og gjeve dette skildrande namnet av mannskap på RRS «Discovery II» under Discovery Investigations i 1933. Turret er eit engelsk ord for eit lite tårn.

The Turret
nes
Land  Antarktis
Stad Sør-Orknøyane
 - koordinatar 60°40′S 45°9′W / 60.667°S 45.150°W / -60.667; -45.150
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
The Turret
60°40′00″S 45°09′00″W / 60.6667°S 45.15°W / -60.6667; -45.15
The Turret is located in Antarktis
The Turret (Antarktis)

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «The Turret» (innhald frå Geographic Names Information System).