The Wanderer av Dion

The Wanderer
Singel av Dion
frå albumet Runaround Sue
Språk engelsk
Utgjeve November 1961
Sjanger R&B
Lengd 2:42
Komponist Ernie Maresca
Tekstforfattar Ernie Maresca
Låtskrivar(ar) Ernie Maresca

«The Wanderer» er ein song skriven av Ernie Maresca og opphavleg spelt inn av Dion. Songen har eit 12-taktsblues-basert vers og eit 8-takts mellomspel og fortel soga om ein reisande og dei mange kjærastane hans. Songen er rangert på 239. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Maresca hadde tidlegare vore med òg skrive den førre store hitten til Dion, «Runaround Sue», men hadde opphavleg skrive «The Wanderer» for eit anna band, Nino and the Ebbtides. Dei spelte i staden inn ein annan Maresca-song, så Dion fekk denne songen som ei B-side til den neste singelen sin, «The Majestic». Radiostasjonane byrja derimot heller å spele «The Wanderer» og singelen nådde andreplassen i USA tidleg i 1962. Singelen nådde òg 10. plass i Storbritannia og gjekk heilt til topps i Australia.

Songen vart spelt inn med ei korgruppe, the Del-Satins og hadde ein meir rocka stil enn dei tidlegare hittane til Dion med the Belmonts. Bobby Keys spelar saksofon på songen.

Andre versjonar endre

«The Wanderer» er spelt inn av mange andre band og artistar, som Dee Snider, Gary Glitter, The Beach Boys, Leif Garrett, Arthur Alexander, Bruce Springsteen, Eddie Rabbitt, Sick City Daggers, Delbert McClinton, Ted Chippington, Dave Edmunds, The Alley Cats, Avenue D, The Heimlich Experiment og My Morning Jacket. Status Quo spelte inn songen to gonger og deira versjon nådde sjuandeplassen i Storbritannia i 1987. Eddie Rabbit sin versjon nådde førsteplassen på Country-lista i USA i 1988. Mel Gibson syng ein versjon av songen i animasjonsfilmen Chicken Run.

Songen vert spelt føre alle heimekampane til Bolton Wanderers.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre