Thionville (tysk Diedenhofen, luxembourgsk Diedennuewen) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg nær elva Moselle

Thionville
Byvåpenet til Thionville
Byvåpenet til Thionville
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Moselle
Geografi
Flatevidd 49,88 km²
Flatevidd
 - By

49,86 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

40 907
  820/km²
Koordinatar 49°21′N 06°10′E / 49.350°N 6.167°E / 49.350; 6.167
Høgd over havet 150 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 57100

Historie endre

Området var i antikken busett av den germanske alemannarstamma. Kyrkjemøtet i Thionville vart halde her frå 2. februar 835 med 43 biskopar. Det gjeninnsette Keisar Ludvig I av Det tysk-romerske riket og omstøytte dei tidlegare dommane hans, som han alle var uskuldige i, og avsette erkebiskopen av Reims, Ebbo. 28. februar 835 innrømte Ebbo i Mainz at Ludvig ikkje hadde gjort nokre av lovbrota som gjorde at han vart avsett som keisar i Det tysk-romerske riket.

Eskil, erkebiskop av Lund vart fengsla i Thionville då han kom tilbake frå ei pilegrimsferd til Roma i 1153.

Omleiringa av Thionville skjedde i juni 1639 under trettiårskrigen.

Forfattaren François-René de Chateaubriand vart etterlaten for å døy under Condé sin militære émigré-ekspedisjon mot Thionville i 1792.

I åra 1870-1918 var Thionville ein del av Tyskland med det tyske namnet Diedenhofen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thionville