Thirlmere er eit reservoar i Lake District nasjonalpark i England. Det går om lag frå sør til nord med ei demning i nordenden. Langs austsida går A591-vegen og på vestsida ein annan mindre veg.

Thirlmere
innsjø
Sett frå Steel Fell ved sørenden av innsjøen
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Tilsig Launchy Gill, Dob Gill, Wyth Burn, Birkside Gill
Utløp St John's Beck
Høgd over havet 178 moh.
Lengd 6,05 km
Breidd 0,178 km
Areal 3,25 km²
Største djupn 40 m
Kystlengd1 15 km
Koordinatar 54°32′N 3°04′W / 54.533°N 3.067°W / 54.533; -3.067
Øyar 2
Kart
Thirlmere
54°32′00″N 3°04′00″W / 54.533333333333°N 3.0666666666667°W / 54.533333333333; -3.0666666666667
Wikimedia Commons: Thirlmere
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Historie endre

 
Kart over reservoaret frå 1925

Før reservoaret vart bygt var det to mindre innsjøar her - Leathes Water og Wythburn Water. Etter kvart som industribyen Manchester voks på 1800-talet vart det kravd stadig større mengder vatn. Vassnivået her vart heva ved at Manchester Corporation bygde ei demning i nordenden av Thirlmere, i 1890–1894. Reservoaret gav så vatn til Manchester via Thirlmere Aqueduct, om lag 160 km lang.

Det var sterk lokal motstand mot bygginga av reservoaret, mellom anna fordi dei flotte klippene rundt vatna vart lagt under vatn.

Geografi endre

Namnet på innsjøen vert stundom nytta om heile dalen, som går frå Grasmere i sør til Vale of Keswick i nord. Det høgaste punktet i dalen er Dunmail Raise.

Helvellyn-ryggen ligg aust for Thirlmere. I vest ligg det fleire fjell, som Armboth Fell og Raven Crag, begge med flott utsyn over innsjøen.

Reservoaret og dalen rundt vert i dag forvalta av United Utilities.

Kjelder endre