Thomas Gainsborough

Thomas Gainsborough (14. mai 17272. august 1788) var ein engelsk kunstmålar som særleg var kjend som portrett- og landskapsmålar. Han og Joshua Reynolds vert rekna som dei viktigaste engelske kunstmålarane av det 18. hundreåret.

Thomas Gainsborough

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. mai 1727
Sudbury i Suffolk
Død

2. august 1788 (61 år)
London

Yrke kunstmålar, teiknar, portraitist, landskapsmålar, bygningstegner, grafikar
Sjanger portrettmåleri, landskapsmåleri, portrett
Medlem av Royal Academy of Arts
Far John Gainsborough
Mor NN Burroughs
Ektefelle Margaret Burr Gainsborough
Born Margaret Gainsborough, Mary Gainsborough Fischer
Thomas Gainsborough på Commons
Herr Robert Andrews og frue, 1748
Husmannsjente med hund og krukke, 1785

Liv endre

Gainsborough var son til ein tyhandlar, og vart døypt 14. mai 1727 i Sudbury i Suffolk. Han reiste til London i 1740 for å gå i lære for å verte gravør. Dei komande åra var han del av omgangskrinsen til William Hogarth og andre kunstmålarar ved 'St. Martins Lane Academy' i London. I 1749 fór han frå London heim til Sudbury. Han sleit med å etablere seg som målar, så i 1759 flytta han til den mondene småbyen Bath. Den engelske eksentrikaren Philip Thicknesse vart interessert i kunsten hans, og introduserte Gainsborough for folk av samfunnseliten i London og Bath. Som ein av grunnleggjarane av Royal Academy of Arts i London, deltok han på si første offentlege utstilling i 1768 med Portrett av Lady Isabella Molyneux. År 1774 flytta Gainsborough til London, der budde han til han døydde i august 1788.

Verk endre

 
Road from Market (mellom 1767 og 1768)

I portrett til Gainsborough er det påfallande at han valde ein kjenslevar og uformell presentasjon framfor ein kunstig og stiv, figurane vart flytta ut frå studio og plassert mot ein landskapsbakgrunn. Eit typisk døme er portrettet av William Hallett og kona Elizabeth under deira Morning Walk (1785, National Gallery i London). Av desse portretta kan ein også sjå kor fascinert Gainsborough var av tekstilar og moteklede.

Gainsborough vende seg i tidleg alder vekk frå ein streng akademistil. I måleria sine tok han til orde for idealisering, ein måtte utføre den visuelle representasjon på ein meir subtil måte. Han meinte ein større sensibilitet kunne oppnåast ved at observatøren tok del i kunstverket. På den tida var det vanleg at ein såg på eit nytt bilete med sine fasttømra forkunnskapar og vurderte om biletet representerte det ideelle motivet. Gainsborough meinte at ein i staden må ein gå inn i biletet med ein personleg empati. Denne finkjensla er særleg tydeleg i hans sentimentale framstillingar av fattige menneske framom ein idyllisk landleg bakgrunn, som i hans berømte Husmannsjente med hund og krukke (1785, National Gallery of Ireland i Dublin).

Gainsborough sin kunst var påverka av dei nederlandske målarane Jacob van Ruisdael, Meindert Hobbema og Jan Wijnants, av franskmennene Antoine Watteau og Jean-Honoré Fragonard. Dessutan finst stildrag frå Hubert Gravelot og Anthonis van Dyck og venetiansk målarkunst.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Thomas Gainsborough